Nyheter

Ny leiar i Fagforbundet Helse Førde

På årsmøtet 28.02 vart Sølvi Anne Birkeland valt til ny leiar i Fagforbundet Helse Førde. Sølvi Anne er hjelpepleiar, og jobbar på ØNH, og er i tillegg hovudverneombod for kirurgisk klinikk. På dagtid er såleis Sølvi Anne fullt opptatt, og leiarvervet vil for det meste bli utført på ettermiddag/kveldstid, eller dei dagane fagforeininga kan kjøpe ho fri frå arbeidsgjevar. Sølvi Anne tek over leiarvervet etter Mariann Hundsnes som har vore leiar sidan mai 2014, Mariann held fram som tillitsvald i psykiatrisk klinikk og matforsyning. Det har også vore fleire andre utskiftingar i styret i Fagforbundet Helse Førde, så det nye styret vil vere ein fin blanding av gamle travarar og nye kostar! For full oversikt kan de sjå i protokollen frå årsmøtet, som ligg under. Vi ynskjer alle lukke til med arbeidet i året som kjem!

Årsmøte 2021

Ny info: Her er lenkje til påmelding på Teams: Med pandemi og strenge smittetiltak må vi i år som kjent gjennomføre årsmøtet i Fagforbundet Helse Førde digitalt. Møtet vert 28. januar kl 18:00 kl. 19:30 på Teams og det er vanlege årsmøtesaker som skal behandlast. Årsmøtepapira vil verte lagt ut her på sida etterkvart som dei er klare. Lenke til møtet vil bli lagt ut her på heimesida, slik at du som medlem kan trykke på lenka og komme rett inn i møtet. Det vil bli gjennomført eit prøvemøte mandag 25. januar kl 20:00 - 21:00 der dei som vil kan teste om deira PC/nettbrett fungerer slik det skal på Teams. Sjølv om det er digitalt møte ynskjer vi at dei som har tenkt å møte melder seg på til leiar, Mariann Hundsnes på førehand. Slik veit vi at alle som vil vere med har klart å kopla seg på. Påmelding og eventuelle spørsmål kan sendast til til Mariann på SMS: 975 99 201 eller på e-post: fagforbundet.avd747@gmail.com

Årsmøte 2021-150805

Slik situasjonen er i desse tider vert årsmøtet i Fagforbundet Helse Førde 2021 digitalt. Det er difor viktig at alle loggar seg inn i medlemsportalen for å sjekke og rette e-post adressa si. Det vil bli sendt ut lenke til oppkopling når møtet nærmar seg. Det kan vere ein fordel å sitte heime og sleppe legge ut på vegane midt på vinteren, og Fagforbundet Helse Førde håper at mange medlemmer vil bli med på årsmøtet i 2021. Møtet vert 28. januar kl 18:00 og saker som skal behandlast av årsmøtet må styret ha innan 14. januar. Utdeling av merke til jubilantane våre må vi utsette, og vert markert seinare i 2021.

Du kan søke stipend!

Dersom du tek vidareutdanning, etterutdanning, kurs eller tilsvarande kan du søke stipend i Fagforbundet, både lokalt og sentralt. Fagforbundet Helse Førde deler kvart år ut stipend til våre yrkesaktive medlemmer. Søknadsfristeni år er 1. november, og alle søknadane som kjem inn i 2020 vert behandla på siste styremøtet i år, den 1. desember.

Vervekonkurranse

Bli med å verve nye medlemmer og vinn flotte premier. Fagforbundet Helse Førde arrangerer vervekonkurranse bland våre medlemmer i 2020

Årmøte 2020

Årsmøtet for Fagforbundet Helse Førde vert i år på Thon Hotell, Skei den 29. januar kl 18:00. Gjest på årsmøtet vert Sigrun Perez, som er yrkessekjonsleiar i Helse og Sosial i Fagfobundet Vestland. Det vert som vanleg servert mat etter møtet og difor er det bindande påmelding. Likevel er alle medlemmer sjølvsagt velkomne på møtet, men då kan det bli trangt og lite mat. Styret i Fagforbundet Helse Førde ynskjer alle medlemmer hjarteleg velkomne!

Årsmøte 2018

31. Januar hadde vi årsmøte i Fagforbundet Helse Førde Avd 747 på Scandic sunnfjord hotell.

Årsmøte 2019

Årsmøtet 2019 vert på Scandic Sunnfjord Hotell 31. januar

Portørdagen 26 januar 2019!

Gratulere til alle portører med dagen!