Til hovedinnhold

Årsmelding og underskriven protokoll etter årsmøte 2024

Da er første årsmøte gjennomført med hybridløysing for Fagforbundet Helse Førde. Og vi fekk samla medlemmer i Nordfjord, Sogn og Sunnfjord via storskjerm på årsmøte 29. januar.

02.02.2024
Sist oppdatert: 02.02.2024

29.01 hadde Fagforbundet Helse Førde årsmøte.

For første gang prøvde vi med oppmøte på tre plassar, Førde, Sogndal og Nordfjordeid-og digital løysing. Dette fungerte veldig bra, og vil nok bli løysinga framover også.

Det var mange på val i år, og vi har fått eit nytt, flott styre med ei fin blanding av nye koster og gamle travarar. Leiar Sølvi Anne Birkeland takka for seg og skal vidare i nytt verv som regionsektretær i Fagforbundet Vestland. Ny leiar vart Tove Nødset, til vanleg hjelpepleiar ved ISP.

Vi takkar så mykje for innsatsen til dei som går ut, og gratulerer alle med nye verv - lukke til med arbeidet i det neste året.

Vedlagt er underskriven årsmelding og protokoll.

Relaterte dokumenter:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?