No er det arbeidsfolks tur!
Meir enn nokon gong forstår vi kor avhengig samfunnet er av vanlege arbeidsfolk, og no må det bli vår tur. Fagforbundet vil ha ei ny regjering som jobbar for eit sterkare fellesskap og betre velferdstenester for alle.
Dei siste åtte åra har høgreregjeringa gitt enorme skattekutt til dei som har mest frå før. Høgreregjeringa har bygd ned, sentralisert og privatisert helse, omsorg og skole.
Noreg treng ei ny regjering som vil redusere dei geografiske forskjellane og ta heile landet i bruk. Vi treng ei ny regjering med Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet som set arbeidsfolk først.
Stopp privatiseringa!
Fagforbundet vil at alle innbyggarane skal ha lit rett til gode velferdstenester som helse og utdanning. Vi vil ha politikarar som gir innbyggarane betre eldreomsorg og skole. Nå er det tid for auka bemanning, styrkt kompetanse og medverknad for tilsette.
Fagforbundet krev at skattepengane skal gå til velferdstenester som det offentlege driv, ikkje bli profitt for private velferdsselskap. Vi vil kjempe mot at arbeidsfolk blir utnytta gjennom låge lønningar og dårlege arbeidsvilkår.
Fagforbundet vil ha ei ny regjering som ser at det er vår tur å bli prioritert, og som seier nei til privatisering.
Trygge arbeidsplassar og heile, faste stillingar
Fagforbundet vi ha ei regjering som tar den høge arbeidsløysa på alvor og får heile folket i arbeid. Vi vil ha ei regjering som sikrar arbeidsfolk trygge og gode arbeidsvilkår og ei lønn dei kan leve av.
Deltidskrisa pregar arbeidskvardagen til tilsette i helse og oppvekst. For mange er arbeidsbelastninga så stor at dei ikkje maktar å stå i full jobb. Deltidskrisa er eitt av dei største problema i norsk arbeidsliv og det rammar flest kvinner.
Fagforbundet vil ha ei regjering som set arbeidsfolk først ved å sikre arbeid til alle. Vi treng ei regjering som vil løyse deltidskrisa, og gi alle heile, faste stillingar.