Til hovedinnhold

Gjennomslag for fagarbeidarar på poliklinikk

Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet og AU-medlem

Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet og AU-medlem (Foto: Werner Juvik)

Regjeringa vil sikre at sjukehusa ikkje tapar pengar på å bruke fagarbeidarar på poliklinikk frå 2024

09.10.2023 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 12.10.2023

– Dette er fantastisk - fullt gjennomslag for Fagforbundet!, seier ein glad leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet, Iren Luther.

Fram til no har det vore sånn at viss ein fagarbeidar har ein poliklinisk konsultasjon så har ikkje helseføretaket fått utteljing for dette i finansieringssystemet. Sjukehusa kunne difor tape pengar på å la ein fagarbeidar gjere visse ting på poliklinikkar, sjølv om fagarbeidaren hadde kompetansen til å gjere det.

– Dette har vore viktig for oss å få retta på. Sjukehusa har jobba godt med oppgåvedeling dei siste åra, men poliklinikkar har vore ein utfordring. Det gir ikkje meining at dei skal bli straffa økonomisk for å bruke personellet betre, seier Luther.

Regjeringa foreslår endringa i forslaget til statsbudsjett for 2024 som vart lagt fram fredag 6. oktober. Der slår dei fast at sjukehusa skal få betalt uavhengig av kva utdanning helsepersonellet har.

– Vi har samarbeida godt med regjeringa om denne saka, og det er svært gledeleg at dette no får ei løysing. Så ser me i Fagforbundet fram til godt samarbeid med helseføretaka om korleis ein kan betre oppgåvedelinga på poliklinikkane framover, avsluttar ho.

Sjølve forslaget frå regjeringa kan du lese på s. 118 av helse- og omsorgsdepartementets forslag til statsbudsjettet for 2024 (PDF).

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?