Til hovedinnhold

Vil ha fagarbeidarar på poliklinikk

Illustrasjonsbilete. Helsefagarbeidar Marte Angell på hjarteavdelinga Haukeland universitetssjukehus

Illustrasjonsbilete. Helsefagarbeidar Marte Angell på hjarteavdelinga Haukeland universitetssjukehus (Foto: Jan Lillehamre / Fagforbundet)

Fagforbundet har sendt innspel til Helsedirektoratet om at sjukehusa ikkje må straffast økonomisk for å ha fagarbeidarar som gjennomfører konsultasjonar på poliklinikk.

01.03.2023 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 09.10.2023

– Det økonomiske regelverket står i vegen for god oppgåvedeling, konstaterer Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Sjukehusa får deler av inntekta si basert på kva dei faktisk gjer, såkalla «innsatsstyrt finansiering» (ISF). I regelverket for ISF er det berre spesifikke yrkesgrupper som gir utteljing viss dei gjennomfører polikliniske konsultasjonar, mellom anna lege og sjukepleiar. Viss sjukehusa nyttar ein helsefagarbeidar på poliklinikk vil dei difor ikkje, i dag, få økonomisk utteljing for dette viss helsefagarbeidaren har ein konsultasjon. Ein kan heller ikkje krevje eigendel for sånne konsultasjonar.

Luther meiner at det er mykje fagarbeidarar kan bidra med på poliklinikkar.

– Eit eksempel er barsel- og barnepleiarar som gir ammerettleiing. Her har me spesialistar som gir god støtte til nybakte mødrer, og så vert helseføretaket på ein måte straffa økonomisk for det. Det går jo ikkje an, seier Luther

Naudsynt for oppgåvedeling

Oppgåvedeling er eit svært heitt tema for tida. Luther visar mellom anna til helsepersonellkommisjonen sitt arbeid, som ho har bidratt til, kor ein av dei sentrale konklusjonane er at ein må nytte kompetansen til alle på ein mykje betre måte enn ein gjer i dag.

– Dette er positivt for alle. Vi får fleire fagfolk å fordele arbeidet på, og pasientane vil møte dyktig helsepersonell. Vi får òg høyre at dette er noko helseføretaka sjølv òg ynskjer, seier Luther

La det vere opp til helseføretaka

Ho meiner det beste hadde vore å fjerna opplistinga av yrker heilt, og la det vere opp til helseføretaka å bestemme kven som gjer kva. Ein er uansett underlagt lovkrava om å drive fagleg forsvarleg.

– Er det behov for at helsepersonell gjer ei oppgåve er det betre å krevje at dei er autorisert helsepersonell, enn å liste opp ei spesifikk utdanning, konstaterer ho.

Samstundes er det ikkje berre autorisert helsepersonell som kan ha konsultasjonar i følgje ISF-regelverket, der er òg til dømes sosionom og barnevernspedagog lista opp.

– Difor meiner me at det beste er å la det vere opp til helseføretaka kven som gjer oppgåva. Alternativt må ein kvartfall leggje til helsefagarbeidarar og helsesekretærar på lista, seier Luther

– Dette er ein veldig enkel endring som raskt vil gi sjukehusa tilgang til fleire gode fagfolk som kan jobbe på poliklinikkane. Dette må på plass, konkluderer Luther

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?