Til hovedinnhold

– Vi er eit fantastisk lag

Styret i yrkesseksjon helse og sosial

Styret i yrkesseksjon helse og sosial (Foto: Birgit Dannenberg)

Det var mange delegatar på talarstolen i laupet av landskonferansen, som løfta mange viktige yrkespolitiske problemstillingar. – Vi er eit fantastisk lag som eg gler meg til å leie i tre nye år, seier ein stolt Iren Luther.

03.11.2022 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 06.02.2023

Landskonferansen debatterte forslag til det yrkespolitiske handlingsprogrammet, hovudlinene, for dei neste tre åra. Rundt 100 delegatar frå yrkesseksjonen var samla til konferanse.

I tillegg til gode debattar om den politiske retninga var det mange gode faglege innlegg på konferansen. Både oppgåvedeling, menn i helse, samhandling i barnevernet og talar frå statssekretær Karl Kristian Bekeng og LO-nestleiar Sissel Skoghaug stod på programmet.

– Lærlingane kan bli dei beste fagpersonane

Når yrkesseksjonsleiar Iren Luther la fram forslaget til nye hovudliner frå styret la ho vekt på kor viktig heiltid er.

– Eg trur me må sjå på korleis me skal rigge heile tenesta. Me må òg få ei dramatisk endring av all den deltida som finst i vår sektor. 30% av helsefagarbeidarane har heiltid! Dette vart ein massiv utfordring, sa Luther.

Marte Kravdal, delegat frå fylkeskrets Innlandet, tok kampen for anerkjenning av helsefagarbeidaren og fleire læreplassar frå talarstolen.

– Me får framleis høyre at hjelpepleiarutdanninga var betre enn helsefagarbeidaren si utdanning, og ein nytter dette som eit argument for å ikkje ta inn lærlingar. Dette er ikkje greitt! Lærlingane er dei uslipne diamantane som kan bli våre beste fagpersonar, men då må dei få læreplass, sa Kravdal

– Vi høyrer dykk!

Det var ein motivert Luther som avslutta yrkesseksjonens 5. ordinære landskonferanse, torsdag 3. november.

– Til alle dykk som deltok i debatten vil eg berre seie: vi har høyrd kva dykk sa! Det er utruleg verdifullt for oss når dykk deler kunnskapen dykk har med oss, sa Luther

Ho runda av med å takke alle for ein god konferanse. No startar arbeidet med å gjennomføre politikken som vart vedteke i dei nye hovudlinene.

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?