Til hovedinnhold

– Sjukepleie må framleis vere eit praktisk fag

Asbjørg Verpelstad på talerstolen på Fagforbundets 5. ordinære landskonferanse for yrkesseksjon helse og sosial

Asbjørg Verpelstad på talerstolen på Fagforbundets 5. ordinære landskonferanse for yrkesseksjon helse og sosial (Foto: Eskild Hustvedt)

Delegat Asbjørg Verpelstad frå Vestland, som sjølv er sjukepleiar, uttrykka bekymring for akademiseringa av eiga fag på landskonferansen i yrkesseksjon helse og sosial.

02.11.2022 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 02.11.2022

Ho meiner at forsking er kjempeviktig for utviklinga av faget, men at ein ikkje kan forvente at alle sjukepleiarar som ynskjer vidareutdanning skal forske.

– Vidareutdanningar er lagt opp til å vere masterutdanningar. Du kan framleis ta ei vidareutdanning utan å ta ein mastergrad og kalle deg spesialsjukepleiar, men det er eit press for at det skal krevje ein mastergrad. Eg er redd akademiseringa av faget gjer at me mistar gode sjukepleiarar, sa Verpelstad

Ho nyttar jordmorutdanninga som eit døme. Om ein vil verta jordmor er det ikkje naudsynleg ei oppgåve på 100 sidar med vekt på metode som er det som lokkar ein til utdanninga.

– Me treng sjukepleiarar som faktisk jobbar med pasientar. Me må passe på at sjukepleiarfaget framleis får vere eit praktisk fag, konkluderte Verpelstad

Treng betre oppgåvedeling

Helge Sporsheim, ny nestleiar i yrkesseksjon helse og sosial, meiner òg at det er viktig å hugse at pleie er eit praktisk arbeid.

– Me må prioritere det gode, pasientnære arbeidet, seier Sporsheim

Han meiner òg at sjukehusa no må ta lærdom av rapporten om oppgåvedeling som Fagforbundet fekk laga saman med Delta og arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter.

– Betre oppgåvedeling er i mange tilfelle lågthengande frukt. Potensialet er stort, og rapporten viser at betre oppgåvedeling er mogleg å få til, avsluttar Sporsheim

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?