Til hovedinnhold

Rapportlansering: oppgåvedeling i sjukehus

Rapportlansering 31. oktober, digitalt og fysisk på Hotel Bristol i Oslo

Rapportlansering 31. oktober, digitalt og fysisk på Hotel Bristol i Oslo (Foto: Spekter)

Fagforbundet, Delta og Spekter inviterer til frukostmøte med lansering av rapporten «Kartlegging av erfaring med oppgavedeling mellom helsefagarbeidere og andre personellgrupper i sykehus»

13.10.2022 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 13.12.2022

Meld deg på her!

Tid: måndag 31. oktober frå kl. 08.15 - 09.45. Frukostservering frå 07.45.
Stad: Haakon-salen, Hotel Bristol, Oslo, eller digitalt.

Fagforbundet, Delta og arbeidsgjevarforeininga Spekter starta våren 2022 eit prosjekt om oppgåvedeling i sjukehus, for å oppnå ei breiare innsikt i korleis sjukehusa arbeidar med oppgåvedeling mellom helsefagarbeidarar og andre personellgrupper. Kartlegginga skjer som eit resultat av at ein i hovudoppgjeret i 2020 avtalte at ein skulle sjå på oppgåvedeling på sjukehusa, og korleis ein kan nytte kompetansen til helsefagarbeidaren best mogleg.

Dette har resultert i ein rapport, utarbeida av analyseselskapet Oslo Economics. Rapporten gir innsikt i sjukehusa sine erfaringar med oppgåvedeling, kva faktorar som hemmar og fremjar god oppgåvedeling, samt nokre gode eksempel.

Du møter:

  • Oslo Economics AS v/ prosjektleiar Kine Pedersen og partner Erik Magnus Sæther
  • Anne-Kari Bratten; administrerende direktør i Arbeidsgjevarforeininga Spekter
  • Mette Nord; forbundsleiar i Fagforbundet
  • Lizzie Ruud Thorkildsen; forbundsleiar i Delta
  • Helsepolitikarar
  • Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF
  • Programleiar: Håkon Haugsbø

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?