Til hovedinnhold

Betre oppgåvedeling i sjukehusa

Ny rapport viser at det er mykje bra arbeid med oppgåvedeling i norske sjukehus.  – Vi håper og trur at rapporten kan vere til inspirasjon til betre oppgåvedeling, seier Iren Luther

31.10.2022 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 13.12.2022

Rapporten, som er eit samarbeid mellom Fagforbundet, Delta og arbeidsgivarorganisasjonen Spekter, syner at det skjer mykje spennande på norske sjukehus. Last ned heile rapporten her.

– Betre oppgåvedeling er avgjerande for framtidas helsetenester, seier Iren Luther, leiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Forbundet har lenge jobba med å få betre oppgåvedeling i norsk helseteneste. Mange medlemmar med utdanning som helsefagarbeidar har rapportert at deira fagkunnskap ikkje vart anerkjent like mykje som deira kollegar med høgskule- eller universitetsutdanning. Dette vil Fagforbundet gjere noko med.

– Skal vi klare å løyse oppgåvene i framtidas helsetenester så må vi bruke heile laget. Vi må anerkjenne at fagarbeidarar er fagfolk, og at dei har same potensiale for å lære seg nye oppgåver som folk med anna utdanning, seier Luther

Positivt for alle

«De fleste opplever at ny oppgavedeling utelukkende gir gevinster, i form av bedre utnyttelse av personell og økt jobbtilfredshet» konkluderer rapporten. Dette er Luther svært nøgd med

– Denne rapporten set to strekar under det Fagforbundet har meint lenge, seier Luther

Ved å anerkjenne den kompetansen som helsefagarbeidarane har, og ved å leggje til rette for at dei får auke kompetansen sin, får ein fagpersonar som kan gjere fleire oppgåver. Då frigjer ein tid til andre oppgåver hos anna personell, samstundes som helsefagarbeidarane får høve til å nytte og vidareutvikle kompetansen sin.

 – Vi håper og trur at rapporten kan være til inspirasjon til betre oppgåvedeling både i helseføretaka, men òg i Norske kommunar, seier Luther

Suksessfaktorar

Ein har identifisert seks suksessfaktorar for god oppgåvedeling. Dei er leiarforankring (1), satsing på lærlingar (2), kartlegging av oppgåver, ansvarsfordeling og roller (3), informasjon og haldningsarbeid (4), opplæring, kompetanseutvikling og vidareutdanning (5) og økonomiske rammer (6).

Rapporten har identifisert 29 prosjekt som handlar om oppgåvedeling mellom helsefagarbeidarar og andre yrkesgrupper i sjukehus. I tillegg er det mykje arbeid rundt på sjukehusa som omhandlar oppgåvedeling men som ikkje er organisert som prosjekt. Den viser gjennom praktiske eksempel korleis ulike sjukehus og avdelingar har fått til ei betre oppgåvedeling hos seg.

Godt partsarbeid

Luther løfter særleg fram samarbeidet med Spekter som ein av styrkane til denne rapporten.

– Det er i samarbeid mellom partane at vi får dei beste løysingane, seier Luther

Rapporten har sitt utspring frå ein felles intensjon i tariffoppgjeret i 2020 om å sjå på helsefagarbeidaren si rolle ute i helseføretaka.

– Rapporten viser kva vi kan få til med godt lokalt samarbeid. Partssamarbeid er ikkje noko som berre skjer i toppen av organisasjonane. Det er noko me jobbar med kvar dag gjennom lokale tillitsvalde og engasjerte leiarar, avsluttar Luther

Heile rapporten kan du lese her.

Lanseringsseminar

Sjå opptak av lanseringsseminaret under.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?