Til hovedinnhold

Overgangsordninga for paramedisinarar har manglar

Ambulansejakker som heng på knagger

Illustrasjonsbilete (Foto: Birgit Dannenberg)

Fagforbundet foreslår i sitt høyringssvar om overgangsordninga for paramedisinarar å endre fristen sånn at alle blir omfatta av ordninga, og å leggje til sjukepleiarar med fagbrev.

07.03.2024 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 07.03.2024

I januar kunne Fagforbundet feire å ha fått gjennomslag for en overgangsordning som let ambulansearbeidarar og sjukepleiarar med Nasjonal Paramedic-vidareutdanning og mastergrad i prehospitale tenester søkje autorisasjon som paramedisinar. No er overgangsordninga ute på høyring og Fagforbundet har funne manglar ved forslaget.

– Dette er ein siger for våre medlemmar, og eit resultat av eit godt samarbeid mellom Fagforbundet og regjeringa, seier Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet. Men nokre endringar må gjerast med forslaget frå regjeringa.

Tidsfristen må endrast

I forslaget til overgangsordning er det for mange som fell utanfor ordninga. Fagforbundet meiner at ein må endre fristen for ordninga sånn at alle som har starta utdanningane før overgangsordninga vart annonsert blir inkludert.

– Forslaget sånn det er no ekskluderer ei stor gruppe med fagfolk. Desse må med, både for å gjere ordninga meir rettferdig, men òg fordi me treng desse fagfolka i framtida, seier Luther.

Fagforbundets forslag er «at alle som har begynt utdanning som Nasjonal Paramedic eller master i prehospitale tenester innan 11. januar 2024 vert omfatta av ordninga».

Ambulansearbeidarar med fagbrev og sjukepleiar-utdanning

Ei gruppe med fagfolk som ikkje er inkludert i ordninga i det heile tatt er dei som både har fagbrev i ambulansefaget og ein bachelor i sjukepleie. Dette har vore eit alternativt laup til paramedisinar-kompetanse, og ei som somme arbeidsgjevarar har anbefalt i staden for Nasjonal Paramedic.

– Det er klart at kombinasjonen av den solide ambulansefaglege kompetansen frå fagbrevet, og den breie kompetansen i sjukepleiarutdanninga gir oss svært gode fagfolk. Desse har blitt rekna som paramedic, og må med i ordninga, konstaterer Luther.

Fagforbundets forslag er «at personar med fagbrev som ambulansearbeidar og bachelor i sjukepleie vert omfatta av ordninga».

Bedriftsinterne ordningar

Før opprettinga av Nasjonal Paramedic-utdanninga hadde mange helseføretak sine eigne bedriftsinterne laup til det som har blitt rekna som paramedisinar-kompetanse, for eksempel «Oslo-skolen». Dei mange ulike laupa gjer det vanskeleg å få oversikt og desse er ikkje med i ordninga.

– Vi oppmodar departementet til å undersøkje om nokre av desse bedriftsinterne ordningane oppfyller krava, og å opprette ei liknande overgangsordning for desse, seier Luther

Forslaga kjem etter ein grundig innspelsprosess internt. Fagforbundet har no avlevert vårt høyringssvar om ordninga. Det har vore stort engasjement blant medlemmar og tillitsvalde, og fleire har peika på svakheiter ved forslaget.

– Vi er som alltid helt avhengige av at medlemmar og tillitsvalde seier kva dei meiner, og det er inga tvil om at engasjementet i denne saka har bidratt til å gjere våre forbetringsforslag så gode som mogleg, avsluttar Luther.

Les heile heile høyringssvaret frå Fagforbundet.

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?