Til hovedinnhold

Fagforbundet vert med i «Gjør kloke valg»-kampanjen

(Foto: Jan Lillehamre for Fagforbundet)

Kampanjen tek sikte på å redusere undersøkingar og behandling som pasientar ikkje har nytte av, og som i verste fall kan skade.

13.12.2023 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 13.12.2023

Kampanjen var i utgangspunktet eit initiativ frå den norske legeforeininga, men i dag er fleire andre foreiningar òg sluta til, til dømes den norske tannlegeforeininga, norsk pasientforeining og norsk radiografforbund, og no altså òg Fagforbundet.

– Våre medlemmar er svært opptekne av å gi best mogleg tenester til pasientar og brukarar, denne kampanjen er ein del av vårt arbeid for ein betre teneste, seier leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet, Iren Luther.

Målet er at både helsepersonell og pasientar saman skal gjere kloke val i diagnostikk og behandling.

Utsnitt fra bilde
(Foto: Morten Henning Kjennerud)

– Mange av våre medlemmar er dei som står nærmast pasienten, og informerer om behandlingsmåtar, effektar og biverknadar, og er ein sparringpartnar for legar og andre når ein skal ta avgjersle om behandlingar. Difor er det viktig at me er med og kan påverke innhaldet og kan bidra til å spreie informasjon om kampanjen, seier Luther.

«Gjør kloke valg» er tydelege på at det ikkje er ein sparekampanje. Det er fagfolka sjølv som kjem fram til anbefalingane, og økonomi er ikkje eit kriterie. Målet er betre tenester for pasientar og brukarar, ved å sikre at det faktisk er behov for undersøkingane og behandlingane som pasientane får.

Du kan lese meir på nettsida til kampanjen.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?