Til hovedinnhold

Helsepersonellkommisjonen – det er tid for handling

Helsepersonellkommisjonen sin rapport

Helsepersonellkommisjonen sin rapport (Foto: Eskild Hustvedt/Fagforbundet)

Kommisjonen har levert eit godt kunnskapsgrunnlag, og kome med mange gode råd. Dette er ein kommentar på somme av dei viktigaste punkta sett frå Fagforbundet si side.

19.06.2023 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 25.09.2023

For utfyllande informasjon, sjå Fagforbundet sitt høyringssvar.

Debatten har vore fokusert særleg på det at dei legg til grunn at den samla sysselsettinga i helsesektoren ikkje skal gå over 15 prosent av arbeidsstyrken. Det er litt vanskeleg å vite om dette vil vere tilfellet, men det er heller ikkje det viktigaste i rapporten. At det er og kjem til å vere knappheit på helsepersonell er det ingen tvil om, tiltaka er difor uansett aktuelle.

Styringsrett over arbeidstid

Det er usemje i kommisjonen om ein skal gi arbeidsgjevar større styringsrett over arbeidstida. Fleirtalet går inn for større styringsrett, medan eit stort mindretal meiner dagens ordningar er gode nok. Fagforbundet stør mindretalet og er tydelege på at dagens ordning der partane gjennom avtale om gjennomsnittsberekning vart samde om turnusen, har fungert i svært mange år. Dette har ført til at partane må samarbeide om å få gode arbeidstidsordningar.

Fagforbundet er bekymra for at større styringsrett vil leggje ytterlegare press på normalarbeidsdagen. Samstundes er reell medverknad frå dei tilsette gjennom samarbeid mellom tillitsvalde og leiing avgjerande for å lukkast, og forholda ligg godt til rette for dette i helse- og omsorgssektoren.

Oppåvedeling, kompetanseutvikling og utdanning

Kommisjonen foreslår eit systematisk og forpliktande kvalitetsutviklingsprogram som skal fremje betre organisering av arbeidsprosessar og rett oppgåvedeling i helse- og omsorgstenestene. Fagforbundet meiner at ein del av løysinga på mange av utfordringane i helsetenesta ligg i å få til ei betre oppgåvedeling.

Vi må bruke kompetansen til dei tilsette på rett måte, og vi må bruke kompetansen til alle dei tilsette. Det har vore ein tendens i deler av tenesta til å basere oppgåver meir på tradisjon enn på den faktiske kompetansen som dei tilsette har, samstundes som ein har undervurdert fagarbeidarane. Konsekvensen er at fagarbeidarane ikkje får utnytta heile kompetansen sin, og at høgskule- og universitetsutdanna personell vert sterkt overbelasta. Dette er ikkje god bruk korkje av fagarbeidarane eller dei høgskule- og universitetsutdanna. Eit enno større fokus på rett oppgåvedeling er heilt naudsynt, og dette må inkludere både helsepersonell og andre grupper.

Helsepersonellkommisjonen foreslår òg at det skal setjast i gang nye forsøk med y-veg til helsefaga. Dette har Fagforbundet jobba for i mange år, og me ynskjer sånne forsøk velkomen. Målet er ikkje at alle skal ta høgskule- eller universitetsutdanning, men at det skal vere mogleg for dei som ynskjer det.

Organisering og samhandling

Det er til dels store utfordringar med samhandling i helse- og omsorgstenestene. Fagforbundet får tilbakemeldingar frå medlemmar som er frustrerte over overgangane mellom tenestenivåa. Det er difor positivt at helsepersonellkommisjonen foreslår tiltak som kan gjere dette betre.

Prioriteringar

Kommisjonen understrekar behovet for å prioritere korrekt, til dømes ved å sikre at behandling ein gir faktisk er verksam. Fagforbundet meiner at det viktigaste er å ha god involvering av fagfolka, sånn at politiske avgjersle om prioriteringar har god fagleg dekning. Samstundes må det vere rom for at behandlar, i svært spesielle tilfelle, kan gjere faglege vurderingar som er til det beste for pasienten men som kanskje ikkje er i samsvar med overordna reglar for prioriteringar.

Samstundes er Fagforbundet skeptisk til å nytte eigendelar for å «motivere» innbyggjarar til å ikkje nytte «ikkje-prioriterte» tenester. Dette vil bidra til å skape eit klasseskilje i tilgangen til helsetenester, som er nett det vårt helsevesen er laga for å unngå. Ein må heller finne andre tiltak som kan bidra til at me prioriterer rett.

Digitalisering og teknologisk utvikling

Digitalisering og teknologisk utvikling er kanskje eit av få felt som kan konkurrere med medisin om å være under raskast utvikling. Helsetenesta har lenge hengt etter, og mange av Fagforbundet sine medlemmar melder om løysingar som er lite brukarvenlege og som ikkje snakkar saman.

Samstundes er betre teknologi ein føresetnad for at me skal lukkast med framtidas helsetenester. Då er det avgjerande at ein involverer helsepersonellet som skal nytte dei teknologiske løysingane i utviklinga av systema frå dag ein. Verktøya er til for å gjere arbeidet til helsepersonell lettare og tryggare, og då må tenestene vere tilpassa arbeidskvardagen ute i tenestene.

Vegen vidare

Helsepersonellkommisjonen sitt arbeid er over. Dei har foreslått mange tiltak for å avhjelpe på mangelen på kvalifisert helsepersonell. Fagforbundet kjem til å vere ein konstruktiv samarbeidspartnar no når ein skal jobbe vidare med å gjennomføre tiltak.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?