Til hovedinnhold

- Er det aktivitørane sin tur, no?

(Foto: Mostphotos)

Menneske treng aktivitet. Meiningsfull aktivitet. Å fylle dagane med innhald – ikkje berre å eksistere. Dette fortener våre gamle. Dei som bygga landet for oss andre. Våre foreldre og besteforeldre, vener og naboar. Våre medmenneske. 

06.06.2023 av Iren Mari Luther
Sist oppdatert: 07.06.2023

Gode liv

Kva er det eigentleg som gir gode liv? Dette er noko me i eldreomsorga må spør oss om. Naudsynt helsehjelp, medisinar og pleie er viktig. Det legg grunnlaget for å kunne leve. Men menneske treng meir. 

 Pleiepersonellet gjer ein iherdig innsats for å fylle dagane med meining så godt det let seg gjere, men god pleie tek tid, og med avgrensa ressursar er det ofte vanskeleg. Det er her aktivitøren kjem inn. Spesialistar på å leggje til rette for meiningsfull aktivitet, tilpassa individet. 

Aktivitørar 

Men kor vart dei av? Over lang tid, no, har det vore ei systematisk nedbygging. Det vart færre og færre aktivitørar, samstundes som læreplassane forsvinn, saman med høvet til å ta utdanninga på vidaregåande. 

 Parallelt er frivillige på veg inn i eldreomsorga. Desse bidreg òg til å gi meining til dagane. Ein god besøksven kan bety mykje. Men heller ikkje desse er aktivitørar. Dei er eit viktig supplement, men inga erstatning. 

Stolt

Fagforbundet er utruleg stolte av å organisere aktivitørane. Jobben dei gjer, sjølv om dei byrjar å bli få, er heilt uvurderleg. 7. juni er det aktivitørdagen. Dei fortener å bli feira, og me skal gjere vårt. Men meir enn det, for våre eldre sin skuld så fortener dei å bli satsa på. 

yrkesseksjon helse og sosial - landsmøtet 2022 - Iren Luther
Leiar yrkesseksjon helse og sosial, Iren Mari Luther (Foto: Werner Juvik)

Gode helse og omsorgstenester er eit teamarbeid. Men somme stader opplev me at dette teamet krympar. I ein hektisk kvardag må ein prioritere. Aktivitet må gjerne vike. Men sånn treng det ikkje å vere – me må berre utvide teamet igjen. 

 Så, er det aktivitørane sin tur, no? Veit du, det må det faktisk vere. 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?