Til hovedinnhold

-Øving er arbeid, òg for ambulansepersonell

– Me kjem ikkje til å gi oss, øving er arbeid, òg for ambulansepersonell, fastslår leiar av yrkesseksjon helse og sosial, Iren Luther.

– Me kjem ikkje til å gi oss, øving er arbeid, òg for ambulansepersonell, fastslår leiar av yrkesseksjon helse og sosial, Iren Luther. (Foto: Fagforbundet)

Fagforbundet intensiverer kampen for at òg ambulansepersonell skal vere dekka av yrkesskadeforsikring under øving. 

31.05.2023 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 31.05.2023

Hòl i regelverket 

– Det gir inga meining at ambulansepersonell ikkje er dekka av yrkesskadeforsikringa når dei øver. Dette hòlet i lovverket må tettast så snart som mogleg, seier leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet, Iren Luther. 

 Ho er glad for at det kjem positive signal om at brannfolk no kjem til å bli dekka.   

– Dette skal me nytte som ei brekkstong for å få dette på plass for ambulansepersonell òg, det er ingen grunn til at det skal vere forskjell her, konstaterer Luther. 

 Trygg på jobb uansett oppgåver

Saka er komplisert med at dette er regulert i særlovar for kvar sektor, fram til no er det berre Politiet som har hatt det i sin lov, no kjem Brann etter. Ambulanse treng sin eigen.  

– Og den må på plass snarast. Våre medlemmar skal vere trygge på jobb, uansett kva oppgåva er, og skulle dei få ein yrkesskade skal dei få erstatning, seier Luther. 

 Luther meiner at dette er ein el av eit større bilete kor yrkesskadar for personar tilsett i helsetenesta har låg prioritet og ofte ikkje vart anerkjend. Ho viser til dømes til at helsepersonell er svært utsett for belastningsskadar men sjeldan får dette godkjent som yrkesskade. 

yrkesseksjon helse og sosial - landsmøtet 2022 - iren Luther
(Foto: Werner Juvik)

– Me kjem ikkje til å gi oss, øving er arbeid, òg for ambulansepersonell, konkluderer Luther. 

  

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?