Til hovedinnhold

Velferdsteknologi for betre tenester

Illustrasjonsbilete

Illustrasjonsbilete (Foto: Mostphotos)

Fagforbundet er positive til meir bruk av velferdsteknologi i helsetenestene. – Rett bruk av teknologi kan vere positivt for både pasientar og tilsette, men då må det gjerast riktig, seier Iren Luther

18.04.2023 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 18.04.2023

– Korrekt bruk av velferdsteknologi kan vere ei stor fordel, slår Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet fast.

Ho er spesielt oppteken av at velferdsteknologi kan betre livskvaliteten til mange pasientar.

– Våre medlemmar i helsetenestene er svært opptekne av at pasientane får best mogleg pleie og omsorg. Teknologi som kan gjere det betre for pasientane vil me ynskje velkomen, seier Luther

Ikkje ei erstatning for menneskeleg kontakt

Luther er tydeleg på at teknologi ikkje kan erstatte menneskeleg kontakt. Det gamle omgrepet «omsorgsteknologi» likar ho ikkje.

– Teknologi kan ikkje gi omsorg, det krev rett og slett eit menneske. Men det kan gjere omsorga betre, stadfestar ho.

Dette er òg slått fast i hovudlinene for yrkesseksjon helse og sosial som vart vedteke i 2022, der står det at yrkesseksjonen skal «arbeide for at velferdsteknologi tilpassast tenestene slik at de fungerer betre, ikkje for at dei skal erstatte menneskeleg kontakt».

Må ha god opplæring

– Skal teknologi faktisk bli tatt i bruk av flest mogleg må ein spreie kompetansen. Det kan ikkje vere sånn at viss noko ikkje fungerer heilt etter planen så må ein kontakte ein sjukepleiar som jobbar i nabokommunen, og som er på ferie, seier Luther

Ho understrekar òg behovet for at ein må bli betre på å tilpasse opplæringa til den enkelte.

– Forskjellege folk treng forskjellig opplæring. Ein må ta høgde for at den digitale kompetansen ikkje er lik i hele befolkninga, at språk kan være en utfordring for mange, både på grunn av språkbakgrunn og lese- og skrivevanskar, seier Luther.

– Målet er jo at ein skal meistre teknologien, då kjem ein ikkje utanom individuelle tilpassingar, konstater ho.

Betre involvering

– Det er to viktige grupper som må involverast i mykje større grad ved innføring av velferdsteknologi. Den eine er sjølvsagt pasientar og pårørande, og den andre er dei tilsette, seier Luther.

Fagforbundet er oppteken av at dei tilsette, som skal møte teknologien i kvardagen, har kompetanse som er avgjerande for at ein skal lukkast.

– Tillitsvalde må med i heile prosessen, heilt frå ein startar planlegginga. Alt for ofte tek ein i bruk teknologi som ikkje faktisk er tilpassa korleis tenesta fungerer. Med god involvering av alle partar unngår ein dette, avsluttar ho.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?