Til hovedinnhold

Nedgang i søkjarar til vg1 helse- og oppvekstfag

Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet

Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet (Foto: Werner Juvik)

Tala frå Utdanningsdirektoratet bekymrar Iren Luther i Fagforbundet.

16.03.2023 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 16.03.2023

Samanlikna med 2020 er det i år 1 700 færre søkjarar til Vg1 helse- og oppvekstfag viser ferske tal frå Utdanningsdirektoratet.

– Eg kjenner at dette gjer meg litt bekymra. Tenestene skrik etter fagfolk, seier Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Helse- og oppvekstfag er framleis det største utdanningsprogrammet med 12 prosent av alle søkjarane.

– 12 prosent er jo bra, men det er klart at denne trenden ikkje kan fortsetje, seier Luther

Viktig at ein gjennomfører utdanninga­

Det er òg ein nedgang i søkjarar til læreplass.

– Det hjelp ikkje at mange startar på Vg1 viss dei ikkje fullfører og kjem ut i jobb i tenestene, konstaterer Luther.

Ho meiner at helsesektoren har ein jobb å gjere med å vere attraktiv for unge.

– Skal me få dei fagfolka me treng må det vere mogleg å få heil, fast stilling. Mikroskopiske stillingar og shopping av vakter bidreg ikkje til å gjere det attraktivt å jobbe i helsetenesta, seier Luther.

Yrkesfag større enn studieførebuande

Tala viser òg at det er fleire som hadde yrkesfag som fyrsteval enn studieførebuande. Dette gleder Luther.

– Det har vore ein kamp for å få anerkjent yrkesfag. At søkinga på overordna nivå er såpass god viser at fleire ser verdien av yrkesfaga, seier Luther.

Ho peiker på at ein treng både fagarbeidarar og universitets- og høgskuleutdanna.

– Me kan ikkje bemanne tenestene med berre den eine. Me treng båe. Dei gode tenestene får me med nok fagfolk og godt tverrfagleg samarbeid, konkluderer ho.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?