Til hovedinnhold

Styrk framtidas ambulanseteneste!

Talarstolen på landskonferansen 2022

Fagforbundet yrkesseksjon helse og sosial sin 5. ordinære landskonferanse (Foto: Eskild Hustvedt)

Fagforbundet yrkesseksjon helse og sosial sin 5. ordinære landskonferanse vedtok denne uttala om framtidas ambulanseteneste

14.12.2022
Sist oppdatert: 14.03.2023

Me gleda oss stort når stortinget tidlegare i år vedtok autorisasjon for paramedisinarane. Desse vil vere eit viktig tilskot til ambulansetenesta. Samstundes reiser vedtaket nokre utfordringar som Fagforbundet vil jobbe med framover. Det fyrste er at det ikkje enno er ei skikkeleg overgangsordning for dei som har gått føre og teke utdanning som nasjonal paramedic. Me meiner at dette er heilt naudsynt og regjeringa må få ei overgangsordning på plass så snart som mogleg. Det andre er at det per i dag ikkje finst nokon Y-veg til paramedic for fagarbeidarane. Me i Fagforbundet meiner at ein Y-veg absolutt må på plass, sånn at det er ein saumlaus måte for ambulansefagarbeidarane å ta denne utdanninga om dei ynskjer det.

Samstundes er det viktig å påpeike at paramedisinarane er eit supplement til dagens teneste. Ambulansefagarbeidaren er ryggrada i ambulansetenesta. Dei har i lang tid sikra ei fagleg god ambulanseteneste til heile landet. Det skal dei òg gjere i framtida. Me organiserer både ambulansefagarbeidaren og paramedisinaren. Dei er båe viktige, og me ynskjer inga profesjonskamp sånn som ein tidlegare har sett i andre deler av helsetenesta. Me er heilt sikre på at dei beste tenestene får me når me jobbar saman.

Men for å sikre at me òg i framtida har fagleg gode ambulansetenester må me passe på at det er mogleg å vere lærling. Helseføretaka må satse tyngre på lærlingane og auke talet på lærlingplassar. Paramedisinarane skal sjølvsagt få praksisplass, men ein skal ikkje erstatte lærlingplassar med praksisplassar for paramedisinarane. Det vil vere ei svært kortsiktig løysing.

For å sikre at ambulansetenesta ikkje vart overbelasta, og at dei som jobbar der får den kviletida dei skal ha, må me òg auke kapasiteten i somme område med fleire bilar. I tillegg treng me fleire «kvite bilar» som kan avlaste ambulansetenesta med grøne transportoppdrag, og då sikre akuttberedskap.

Noreg er eit langstrakt land. Det er svært viktig at ambulansetenesta er tilgjengeleg der folk bur, i heile landet. Ein må i større grad leggje lokal beredskap til grunn når ein vel å opprette, leggje ned eller flytte ambulansestasjonar. Me er òg heilt avhengige av ein godt fungerande luftambulanseteneste som kan bidra til rask transport når det er naudsynt.

Yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet krev difor at

  • personar med utdanning som til dømes nasjonal paramedic får høve til å søkje om autorisasjon som paramedisinar
  • helseføretaka opprettar fleire lærlingplassar i ambulansearbeidarfaget
  • ein aukar talet på ambulansebilar nasjonalt, og aukar kapasiteten til dei såkalla «kvite bilane»

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?