Til hovedinnhold

Bekymra for sikkerheita til ambulansepersonell

Iren Luther er bekymra for sikkerheita til ambulansepersonell

Iren Luther er bekymra for sikkerheita til ambulansepersonell (Foto: Kari-Sofie Jenssen)

Rapport frå Statens havarikommisjon etter ei ulykke med ambulanse bekymrar Fagforbundet.

26.10.2022 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 06.02.2023

– Vi må gjere alt vi kan for å trygge dei tilsette i ambulansetenesta, seier Iren Luther, leiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Ho har lese rapporten frå Statens havarikommisjon som går gjennom ulykka mellom ein ambulanse og eit vogntog på E18 ved Arendal 4. mars i fjor. I ulykka vart ein lege som sat i ambulansen alvorleg skada, og tre andre lettar skadd, samt at personen i vogntoget vart lettar skadd.

– Det er klart at det er en risiko å køyre i den hastigheita som ein gjer når ein rykkar ut. Det er ikkje utan grunn at det er krav om eiga kompetansebevis for å kunne køyre utrykking, seier Luther.

Arbeidsgivars absolutte ansvar

Personen som vart hardast skadd i ulykka sat bak i ambulansen på en ledsagarstol. Ho vart på grunn av måten vogntoget trefte ambulansen kasta ut av bilbeltet. Statens havarikommisjon sendte på bakgrunn av dette eit varsel om sikkerheitskritiske forhold til Sjukehusinnkjøp. Det vart ikkje iverksett tiltak eller endringar i korleis ein utrustar ambulansar.

– Viss det er mogleg å sikre personellet i bilen betre enn i dag så meiner eg at dette er arbeidsgjevar sitt absolutte ansvar. Samfunnet er avhengige av at disse folka rykker ut og gjer jobben sin, då er det samfunnet sitt oppdrag å gjere absolutt alt for gjere at ambulansepersonellet er så trygge som mogleg, seier Luther.

Ho synst det er spesielt at Sjukehusinnkjøp ikkje gjorde endringar etter varselet.

– Her kan ein faktisk ikkje tenkje på økonomi. Det aller viktigaste er tryggleiken, seier Luther.  

Auka risiko med auka biltrafikk

Biltrafikken i Noreg aukar, det kan gjere risikoen større for utrykkingskøyretøy.

– Det er klart at endringar på norske vegar òg endrar arbeidssituasjonen for dei som køyrer utrykking. Her må arbeidsgjevar vere på og gjere alt dei kan for at dei som rykkar ut har så gode føresetnadar som mogleg. Det betyr det absolutt beste sikkerheitsutstyret, og det betyr òg naudsynt trening og opplæring. Dette kommer vi til å følgje opp, avsluttar Luther

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?