Til hovedinnhold

Etterlengta satsing på lærlingar i sjukehus

Mette Nord vil følgje opp lærlingen på sjukehus på best mogleg måte.

Mette Nord vil følgje opp lærlingen på sjukehus på best mogleg måte. (Foto: Atle Holberg Frey)

Fagforbundets Mette Nord vil ha fleire lærlingar på sjukehusa. Det var bodskapet til dei frammøtte på ein nasjonal konferanse i Stavanger om lærlingar i sjukehus.

27.04.2022 av Eskild Hustvedt, Yrkesseksjon helse og sosial
Sist oppdatert: 05.05.2022

- Å utnytte kompetansen til alle betre, er ei føresetnad både for å møte det vaksande behovet for helsepersonell, og for å sørge for at det skal være mogleg å ha et langt og godt arbeidsliv i helsetenesta. Kort sagt; dette handlar om å sørge for at vi framleis skal kunne gi hele befolkninga gode helsetenester, sa forbundsleiar Mette Nord i si innleiing på konferansen 26. april.

Konferansen kjem som eit resultat i ei prioritering av fagarbeidaren i nasjonal helse- og sjukehusplan 2020-2023. Helse Vest fekk i denne planen som oppgåve å opprette ei nasjonalt kompetansedelingsprosjekt for å følgje opp målet om fleire lærlingar. Dette valde Helse Vest å leggje til Helse Stavanger, som no arrangerte denne konferansen i samarbeid med Fagforbundet og Spekter.

- Vår erfaring er at ein i både Stavanger og i Helse Vest har et godt og velfungerande partssamarbeid. Dette er helt nødvendig for at et sånt prosjekt skal lykkes, seier Mette Nord om dette samarbeidet.

Alt startar med lærlingen

Når ein startar på vidaregåande skule er ein berre 16 år.

– Det er ein utruleg fin tanke at me har ein heil masse motiverte ungdommar som allereie som 16-åringar veit at dei ynskjer å jobbe med å hjelpe sjuke menneske.

Forbundsleiaren peika på at ein må passe på å ikkje berre følgje opp lærlingen, men òg leggje til rette for at dei som skal vere rettleiar for desse. Rettleiarane må òg få tilbod om kurs og kompetansehevingstiltak som gjer at dei har den kompetansen dei har behov for sånn at dei kan følgje opp lærlingen på best mogleg måte.

Betre oppgåvedeling

Fagforbundet har lenge meint at ein del av løysinga på utfordringane som helsetenesta står føre dei neste åra er betre oppgåvedeling.

– Når me skal handtere dei store utfordringane i helsetenesta, kan me ikkje la oss binde av sedvane og tradisjon. Med Helsepersonellovas krav om fagleg forsvarleg drift som rettesnor, må me sjå med friske auge på den kompetansen me har, dei oppgåvene me skal løyse og dei krava me skal møte, konstaterte Nord.

Analyseselskapet Oslo Economics skal på oppdrag frå Fagforbundet, Spekter og Delta kartleggje erfaringar med oppgåvedeling mellom helsefagarbeidarar og andre personalgrupper i sjukehus.

– Vi har tro på at resultatene både vil kunne vise hva som skal til for å lykkes, men også gi oss en pekepinn hva som er utfordrende og vanskelig, sa Nord.

Om du allereie no ynskjer å lære meir om oppgåvedeling kan du lese Fagforbundets rettleiar for oppgåvedeling i helsetenesta.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?