Til hovedinnhold

Skal kartleggje oppgåvedeling i sjukehus

(Foto: Jan Fredrik Frantzen)

Oslo Economics skal på oppdrag frå Fagforbundet, Spekter og Delta kartleggje erfaringar med oppgåvedeling mellom helsefagarbeidarar og andre personalgrupper i sjukehus.

22.04.2022 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 05.05.2022

Kartlegginga skjer som eit resultat av at ein i hovudoppgjeret i 2020 avtalte at ein skulle sjå på oppgåvedeling på sjukehusa, og korleis ein kan nytte kompetansen til helsefagarbeidaren best mogleg. Det har vore ein tendens over tid at oppgåver har blitt flytta over på mellom anna legar og sjukepleiarar. Dette er ein utvikling som Fagforbundet ynskjer å snu.

– Våre helsefagarbeidarar som jobbar på sjukehusa melder om at deira kompetanse ikkje vart utnytta godt nok – dette må vi sjølvsagt gjere noko med, seier Iren Luther, leiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet

Betre oppgåvedeling mellom helsefagarbeidaren og sjukepleiaren handlar om å anerkjenne og dra nytte av helsefagarbeidaren si fagkompetanse. Samtidig vil betre oppgåvedeling frigje tid hos sjukepleiaren.

Betre kunnskap om oppgåvedeling

Det er allereie mangel på arbeidskraft i helsetenesta, og SSB har varsla enno større mangel på fagfolk i tida framover. Fagforbundet meiner at betre oppgåvedeling er eit viktig verkty for å møte denne mangelen.

– Det seier seg jo nesten sjølv at når det blir mangel på fagfolk så må ein i det minste nytte kompetansen til dei fagfolka vi har fult ut, seier Luther.

Det er mange prosjekt om oppgåvedeling i norske sjukehus. Fagforbundet er glad for at vi no kan få systematisert og delt dette arbeidet.

– Sjå til barneklinikken på Haukeland, for eksempel, der har dei verkeleg satsa på helsefagarbeidaren og fått til masse.

Rapporten skal gi betre kunnskap om korleis sjukehusa faktisk arbeider med oppgåvedeling, både korleis utviklinga har vore, og korleis status er i dag, men òg kva planer sjukehusa har framover. Den vil byggje på ulike informasjonskjelder, som nøkkeltal og statistikk, intervju med sentrale aktørar, kartleggingsskjema til helseføretaka og spørjeundersøking til helsefagarbeidarar i sjukehus. Rapporten kjem hausten 2022.

Om du allereie no ynskjer å lære meir om oppgåvedeling kan du lese Fagforbundets rettleiar for oppgåvedeling i helsetenesta.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?