Til hovedinnhold

Særskild lokal avtale i Voss herad om arbeidstilhøve i samband med Korona-pandemi

Heile Noreg er no i ein helt spesiell og vanskeleg situasjon i samband med korona-pandemien (COVID 19). Fagforbundet, som det største forbundet i landet, og som part i arbeidslivet, har eit betydeleg ansvar. Me som arbeidstakarorganisasjon vil fylgja situasjonen nøye og har tett dialog med arbeidsgjevarsida for å finna løysningar på utfordringane som tilsette og kommunane/fylkeskommunane no møter.

24.03.2020
Sist oppdatert: 24.03.2020

Det er forskjellige situasjonar i dei ulike einingane og innanfor dei ulike tenestene i Voss herad.

Me oppfordrar tillitsvalde på kvar enkelt arbeidsplass om å saman med arbeidsgjevar prøva å finna gode løysningar på dei utfordringane som gjeld deira arbeidsplass.

Gode prosessar for dialog og medverknad mellom arbeidsgjevar og tillitsvalde er særs viktig no, for å få på plass hensiktsmessige ordningar knytta til organisering av arbeidet framover.

Me vil presisera at ekstraordinære hendingar ikkje set hovudavtalen sine krav til informasjon og drøftingsplikt eller hovudtariffavtalen sine betalingsbestemmelser til side.

På mange arbeidsplassar, særleg innanfor helse- og omsorgsavdelinga, er det iverksett prosessar for å førebu det som kan bli ein krevjande bemanningssituasjon dersom mange arbeidstakarar vert sjuke under pandemien. Det er allereie oppstått eit behov for omdisponering av tilsette til andre oppgåver enn dei som dei normalt utfører.

Det er i samband med dette særs viktig med god dialog mellom arbeidsgjevar og den tilsette om kva behov som kan påverka den tilsette sin arbeidssituasjon. Det er viktig å søkja løysingar som ivaretek både arbeidsgjevar og arbeidstakar sitt behov for føreseielegheit. Me hovudtillitsvalde jobbar heile tida for å sikra ein arbeidskvardag med så trygge og gode rammer for dei tilsette som mogleg, og for å ivareta deira helse og velferd.

Eventuelle omdisponeringar fylgjer saksbehandlingsreglane i hovudavtale, hovudtariffavtale/overenskomst og arbeidsmiljølova.

Det kan imidlertid oppstå situasjonar som gjer det nødvendig, på kort varsel, å organisera arbeidet på ein annan måte enn normalt. For eksempel kan det væra behov for å laga nye arbeidsplaner ved enkelte einingar, for å kunna ivareta forsvarleg drift.

Difor har me no lokalt inngått ein avtale om unntak frå AML kapittel 10, arbeidstid og utvida rammer for overtidsarbeid.

Denne avtalan er laga på samme lesten som den sentrale avtalen som er inngått mellom partane i arbeidslivet.

Alle arbeidstidsordningar skal vera fullt ut forsvarlege til ei kvar tid, og tilsette skal ikkje utsetjast for uheldige fysiske eller psykiske belastingar. Sikkerheitsmessige omsyn må også takast, og me er spesielt merksame på arbeidsplassar/ordningar der ein nyttar vakter på meir enn 10 timar.

Klikk under for å laste ned lokal avtale i Voss Herad om unntak frå arbeidsmiljølova kapittel 10 i samband med koronaepidemi:

 Protokoll_unntak_AML_Covid19 (002)

Alle lokale avtalar som gjerast i Voss Herad er i tråd med eventuelle avtalar som gjerast sentralt. 

Her er nokre relvante lenker til nokre av dei sentrale avtalane som har vore inngått:

Arbeidstakarorganisasjonane og arbeidsgjevarforeininga Spekter har vorte einige om korleis utfordringar knytt til bemanning og auka pågang av pasientar på sjukehus skal handterast.

Kommunanes arbeidsgjevarorganisasjon KS og arbeidstakarorganisasjonane har laga ein felles uttale om korleis kommunane og fylkeskommunane skal sikre innbyggjarane og drift av kritiske oppgåver og infrastruktur.

Også tilsette i staten og ideell sektor kan måtte jobba meir. Arbeidstakarorganisasjonane har laga avtaler for å utvide mogelegheita til bruk av overtid for tilsette ein rekke stader:

For sjukehus

For kommunar og fylkeskommunar

For statleg sektor

For ideell sektor (Virke)

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?