Til hovedinnhold

Motivasjonspsykologi 15 STP-kurstilbod

Motivasjonspsykologi 15 STP i Førde våren 2020 Dette er eit desentralisert studium i regi av Folkeuniversitetet. Vår lokale studiesirkel i Førde vil førebu kandidaten til eksamen som privatist i faget PSYK109 Motivasjonspsykologi ved Universitetet i Bergen våren 2020. (Eksamensdato er ikkje klar før rett over nyttår).

18.12.2019
Sist oppdatert: 18.12.2019

ll undervisning vil gå i Folkeuniversitetet sine lokale i Langebruvegen 2 i Førde, men det vil bli lagt opp til klasserom på nett, slik at ein kan følgje forelesinga via Internett. Då treng ein ikkje reise til Førde, men vi anbefaler at flest mogleg kjem innom ein dag eller to på nokre av samlingane både for å treffe forelesarar og medstudentar. Det vil i tillegg vere mogleg å sjå opptak av forelesingane i etterkant. Siste frist for påmelding er fredag den 10 januar 2020.

 

 

Studiet vil gå over følgjande 4 samlingar (8 dagar) våren 2020:

 

Veke 04 (laurdag 25.01 – søndag 26.01.2020) 

Veke 11 (laurdag 14.03 – søndag 15.03. 2020) 

Veke 15 (laurdag 18.04 – søndag 19.04. 2020)

Veke 21 (laurdag 23.05 – søndag 24.05. 2020) 

 

(Folkeuniversitetet tek atterhald om endringar i desse datoene, men vi reknar med at samlingane vil gå føre seg slik det står her. )

 

På denne sida til Universitetet i Bergen kan du og lese meir om studiet, både pensum og eksamensinformasjon er å finne der. http://www.uib.no/emne/PSYK109

 

Dette studiet er det tredje og siste faget i utdanningsprogrammet i arbeidslivspsykologi på totalt 60 STP som går over 2 år. Programmet starta i Førde hausten 2018 med faget Arbeids og organisasjonspsykologi 30 STP. Det andre faget – Personalpsykologi 15 STP går i Førde no hausten 2019. Vi har eit mål om at programmet skal starte opp på nytt i Førde hausten 2020.

 

Målgruppe:

Studiet er veleigna for leiarar og mellomleiarar på alle plan. Det gjer kunnskap om korleis ein kan fremje læring og auke prestasjonane og meistringa hos medarbeidarane. 

 

Kurset kan og eigne seg godt for lærarar, teamleiarar, instruktørar og trenarar.

 

Pris – undervisningsavgift kr. 15.900,-. Inkludert i denne prisen er enkel servering av frukt og kaffe. under samlingane. Eksamensavgift på kr. 3000,- og lærebøker kjem i tillegg. Kvar einskild kjøper inn bøkene sine sjølv.

 

(Det kan nemnast at det ikkje er noko krav om at ein må ha teke Arbeids og organisasjonspsykologi eller Personalpsykologi for å ta dette studiet. Det er heller inga arbeidskrav som skal leverast undervegs) For dei som ikkje ønskjer å ta eksamen, er det et krav om at ein er tilstade på 

75 % av forelesingstida for å få utlevert kursbevis. 

 

Relaterte dokumenter:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?