Til hovedinnhold

Yrkesprofilen

Fagforbundet har besøkt våre medlemmar som arbeider innan Heimetenesta, rehabelitering og omsorgsbustadar for eldre.

08.02.2019
Sist oppdatert: 14.04.2021

Janne Linn Falkenstein arbeider som Helsefagarbeidar på Oreteigen ved Gloppen omsorgssenter og er vår yrkesprofil.

 

Kva går arbeidet ditt som Helsefagarbeidar ut på?

Omsorg, hjelp til stell, hjelp under måltid. Ein helsefagarbeidar bistår pasienten med dei fleste gjeremål pasienten treng hjelp til. Aktivisering og det å kunne setje seg ned med dei er og viktige oppgåver. Det er viktig at pasienten får kjenne på meistring og glede i kvardagen. 

 

Kva funksjonar/oppgåver fyller ein helsefagarbeidar?

Vi er der som ein trygghet for pasientane. Vi hjelper dei med det dei treng hjelp til i det daglege.

 

Kva utfordringar møter ein helsefagarbeidar på jobb?

Ingen dagar er like, vi må difor ta ting litt, dag for dag. Vi må sjå pasientane i ein heilskap, og vurdere behova dei har dag for dag.

 

Kvifor valde du å bli helsefagarbeidar?

I hovudsak valte eg det yrket, fordi det var eit av dei yrka eg viste det var gode sjansar til å få arbeid i. I etterkant har eg ikkje angra på at eg valde det. Det gjer meg mykje det å kunne vise omsorg og hjelpe andre.

 

Korleis vert ein Helsefagarbeidar?

Eg gjekk to år på helsefag på vidaregåande, deretter to år som lærling før eg tok fagprøva som Helsefagarbeidar.

Dersom ein har allsidig praksis innan Helsearbeidarfag, kan ein etter ein teorieksamen gå opp til Fagprøva.

 

Fagforbundet rettar ein stor takk til Janne Linn Falkenstein

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?