Til hovedinnhold

Barnebyen - Eit døme på solidaritet i praksis

mekling5_ks2008.JPG

mekling5_ks2008.JPG

Eg har vore på ei av dei reisene som har gjort sterkast inntrykk på meg til no. Eg har vore i Fagforbundets barneby, der fekk eg bli kjend barna som vi i Fagforbundet Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har teke særleg ansvar for.

13.10.2014 av Bjørn Hatlelid, Fagforbundet Sogn og Fjordane
Sist oppdatert: 17.06.2023

Sos-mora i vårt hus heiter Mother Cecilia . Ho har ansvaret for i alt ni ungar i alderen tre til fjorten år. Ein av dei eldste var på skulen da vi vitja huset. Vi var bedne på lunsj i huset som Fagforbundet Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har teke ansvar for.

Lunsjen vi fekk står ikkje tilbake for maten vi får heime. Maten var rett nok ulik den vi sett på bordet til dagleg, men det var ferske grønsaker, potet, kjøtt, ris og mykje anna. Det er vel truleg at det var laga til ekstra fint når dei dekte opp for oss frå Noreg, men det er ikkje tvil om at kosthaldet er både sunt og godt også til kvardags. Når ein tenkjer på at desse ungane ikkje hadde nokon ting berre for fire år sida, må det vere eit nytt liv dei opplever i barnebyen. Det er godt å tenkje på at det no alltid er mat på bordet, takka vere Fagforbundet sine medlemmar.

Det var ei uvanleg lunsj, tross den store flokken var det heilt stille rundt bordet, og ungane svarte berre så vidt på spørsmål. Nå skal det seiast at vi sleit med språk. Dei minste ungane snakka berre portugisisk og dei eldste kunne eit og anna engelsk ord, men ikkje nok til ei samtale. Det skulle likevel syne seg at språk ikkje var hovudgrunnen til at alt var så stille. Det er slik ungar skal te seg i Angola, blei vi fortald. Kva gjer de i Noreg, ville dei vaksne vite. Pratar dei i veg, både vaksne og ungar. Dei lo av tanken på slik villskap, og enda meir da vi bekrefta at; Ja, i Noreg kan alle prate og dele røynsler og inntrykk ved matbordet.

Eg både seier og skriv barna våre, for dei er jo på eit vis våre sidan vi har teke på oss eit særskilt ansvar for nettopp desse ungane. Me må hugse at dei tilsette i barnebyen, og særskilt sos - mora, er dei næraste omsorgspersonane desse ungane har. Mange har ikkje andre nære slektningar.

Det var godt å sjå ungane i leik og heime i huset. Det er trygge ungar som trivst og veks i gode omgjevnader.

Ungane i barnebyen har ikkje berre ei sos - mor, dei har ein far også. Sosialarbeidaren Filomeno opplevast som ein far for alle dei 115 ungane i barnebyen. Barnebyen har samla kapasitet til 120 ungar, men da vi var der i sluten av september, var det fem ledige plassar. Dei skal fyllast opp, men det tek tid å finne fram til dei som treng det mest. Det er eit arbeid som gjerast saman med barnevernet i kommunen, fekk vi vite.

Vi hadde med oss små gåver til ungane, så som slengtau, ein badeball, og ymse andre småting. Ein av desse gåvene var små solscelledrivne lykter. Me hadde nok sett føre oss at dei skulle stå ute når mørket kom, men dei fortalde at dei treng slike lamper inne, for ved midnatt slås straumen av for å spare diesel på generatoren. Da er det greitt å ha ei lita lampe inne.

Ungane bur på i alt tre rom. Fire gutar på eit rom, fire jenter på eit anna og på tomannsrommet bur den eldste og den yngste. Eldstemann har eit ekstra ansvar for treåringen, kunne dei fortelje.

Ungane kunne fortelje at dei lever mest som alle andre ungar, dei har vener på besøk, dei driv med ulike hobbyar og interesser som dei har tid til å dyrke etter skuletid. Men fell dei etter på skulen, er det inga bøn, da må ettermiddagen brukast til å ta igjen det tapte.

Det blei latter og høg stemning da ungane ville vite litt om kva vi gjer heime i Noreg og kva idrettar vi likar. Det var ikkje noko problem med fotball, men da vi strauk over golvet på usynlege ski, kom latteren fram. Om dei eigentleg skjønte kva vi ville syne fram, veit eg ikkje.

Eg trur at mange veit at Fagforbundet og SOS Angola driv meir enn berre ein barneby i Huambo, som byen heiter. Me driv ein barneskule med tusen elevar, ein barnehage med 120 ungar og me driv eit arbeid for dei aller fattigaste som bur i området rundt barnebyen. Det er om lag 240 personar som får hjelp til å oppretthalde liv og skape ei framtid gjennom dette programmet.

I alt får meir enn 1500 personar bistand. Det er mange!

Reisa til Huambo i Angola blei ei stadfesting for meg av at vi gjer noko viktig og rett når vi engasjerer oss i barnebyen. Desse ungane treng vår solidaritet. Alle menneske treng tak over hovudet, mat på bordet og tilbod om skule. For nokre få år sida hadde desse borna ingenting av dette.
I dag, takka vere dykk som er medlemmar i Fagforbundet har desse ungane det. I tillegg har omtrent 1500 menneskje fått eit betre liv og ein mulig framtid.
Det er flott og det er viktig.
Takk for at de er med meg i arbeidet for Fagforbundets barneby.

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?