Til hovedinnhold

Risikosport i fosterhjemmene

ambulansefaget

ambulansefaget

- Vi kan ikke råde andre å ta oppdrag som fosterforeldre, så lenge det er så store forskjeller på statlige og kommunale fosterhjem, skriver to fagorganiserte fosterforelde i et innlegg i Dagbladet.

15.03.2011 av Harald Berre
Sist oppdatert: 15.03.2011

Faksimile Dagbladet

Å ta på seg eit kommunalt fosterheimsoppdrager ein økonomisk og menneskeleg risikosport.

 

Les innlegget påfosterforeldre.no

Av Monika Haanes Waagan og Harald Berre

Vi er fosterforeldre og kan ikkje råde andre til åta på seg kommunale fosterheimsoppdrag. Først måvilkåra bli like trygge for kommunale som for statlegefosterforeldre.

Å ta på seg eit fosterheimsoppdrag fråkommunen er eit risikoprosjekt der ein spelar høgt, med sineigen familie som innsats. Tryggleiken for eiga helse, noverande ogframtidig familieøkonomi, framtidig pensjonsinntekt ogeventuelle uføreytingar, heng i ein tynn tråd. Omulukka skulle vere ute, om oppdraget brått skulle bliavslutta eller endra, om sjukdom eller arbeidsløyseråkar, risikerer ein å stå på bar bakke;økonomisk, sosialt og menneskeleg.

Lover og reglar som er sjølvsagte elles i arbeidslivetgjeld ikkje i kommunane sine fosterheimar. Skilnadene mellomstatlege og kommunale fosterheimar er store.

Arbeidsgodtgjering for ein kommunal fosterheim er kr 76.440,-per år. Om oppdraget er krevjande, kanoppdragsgivar avgjere om godtgjeringa til fosterheimen skal aukast(forsterking). Statlege familieheimar er sikra arbeidsgodtgjeringpå minimum kr 285.000,- per år. Men ogsågodtgjering ut over dette kan avtalast.

Utgiftsdekning i ein kommunal fosterheim er mellom kr. 4.478,-og 6.611,- per månad. Naudsynte dokumenterteekstrautgifter kan dekkast av oppdragsgivar. Statlege familieheimarfår dekt utgiftene med kr 7.200 per månad. Dersomheimen har høgare faktiske utgifter skal beløpetjusterast.

Fosterforeldre på kommunalt oppdrag har ikkje rettpå tenestepensjon, yrkesskadeforsikring, sjukepengarfrå 1. dag, stillingsvern, dagpengar, kurs/rettleiing,fri/feriestøtte  eller feriepengar. Alt dette ersjølsagt i statlege fosterheimar.

Mange fosterbarn har det statsråd Audun Lysbakken kallar«tilleggsutfordringar». Mange har teke skade, mangetreng ekstraordinær oppfølging, hjelp og behandling.Det er ikkje slik at barn med krevjande tilleggsutfordringarautomatisk kjem til statlege familieheimar. Til det finst forfå familieheimar. Difor kjem det store fleirtalet, ogsåav dei hardast råka barna, til heilt ordinære,kommunale fosterheimar.

Vi skulle gjerne oppmode andre å ta på segfosterheimsoppdrag. Fosterheimsoppdraget er givande! Men den dagenulukka eller sjukdomen råkar, den dagen arbeidsløyaslår til, eller den dagen fosterbarnet, trass i kommunalplassering, avdekker «krevjandetilleggsutfordringar», er «løn ihimmelen» litt for langt opp - og alt for langtfram. 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?