Til hovedinnhold

5. Mediearbeid

19.12.2019
Sist oppdatert: 11.05.2022

Fagforbundet skal drive aktivt mediearbeid for å styrke interessene til medlemmene og organisasjonen. Vi ønsker å sette dagsorden i samfunnsdebatten, synleggjere våre viktigaste saker og bygge et betre omdømme for hele organisasjonen. I dag oppnår Fagforbundet omfattande medieomtale både i nasjonale, regionale og lokale media, viser mediedatabasen Retriever.  

Medievanane til folk flest er i endring. Det har vore eit markant fall i lesinga av papiraviser, og nettutgåvene til avisene har berre i nokon grad kompensert for dette. Likevel brukar 83 prosent av befolkninga norske aviser på nett eller papir kvar dag, og 67 prosent brukar det digitale innhaldet til avisene, viser undersøkinga Forbruker & Media. Størsteparten av avislesinga skjer no på mobiltelefonar, samtidig som det blir mindre bruk av lineær («direkte») bruk av radio og fjernsyn. Den same endringa i mediabruken skjer blant medlemmene i LO og Fagforbundet, viser LOs medievaneundersøking.   

Endringane i mediebransjen har gitt redaksjonane vesentleg mindre ressursar og færre journaliststillingar. Dette har ført nedprioritering av stoff om arbeidsliv og fagrørsla. Samtidig er det stor interesse for dette stoffet, noko fagblada og Fri fagbevegelse har utnytta i digitale kanalar. Nedskjeringane i dei tradisjonelle massemedia, gjer at Fagforbundets og fagrørslas eigne kommunikasjonskanalar har vorte viktigare for å nå ut til både medlemmer, potensielle medlemmer og folk flest. 

Fagforbundet skal vera bevisste på kven vi vil nå med kva bodskap, og ut frå dette prioritere kva media vi vil bruke lokalt, regionalt og nasjonalt. I nokre samanhengar skal vi nytte kronikkar og debattinnlegg, men vi når ut til fleire ved å skaffe oss redaksjonell omtale.   

Tiltak 

Fagforbundet skal: 

  • arbeide for meir omtale i massemedia av medlemmene, dei tillitsvalde og forbundet, og av meiningane våre.
  • utarbeide kronikkar og debattinnlegg i særleg viktige saker, blant anna på bakgrunn av vedtak i landsstyret.
  • republisere eller dele mediesaker om Fagforbundet gjennom eigne kanalar.
  • syte for at forbundsregionar og foreiningar får bistand til mediehandtering frå den sentrale informasjonsavdelinga ved behov.
  • tilby tillitsvalde i dei ulike forbundsregionane kurs i kommunikasjons- og mediearbeid minst annakvart år.
  • utarbeide «mediepakkar» som kan nyttast av forbundsregionar og foreiningar i særleg viktige saker, som for eksempel kampen for heile, faste stillingar. Deltidsrappotene frå valkampen i 2021 er eit eksempel på dette.
  • utarbeide ein oversikt over medlemmer frå heile landet, og frå ulike yrke, som ønsker å representere Fagforbundet mediesaker. 
;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?