Til hovedinnhold

4.5 Sosiale media

19.12.2019
Sist oppdatert: 11.05.2022

Fagforbundet skal bruke sosiale media til å kommunisere med følgarar, folk som er nysgjerrige på Fagforbundet og moglege medlemmer. Vi skal også vera til stades for medlemmer og tillitsvalde som ønsker å bruke sosiale media til å kommunisere med oss.  Sosiale media skal nyttast til verving, og for å nå fram til ulike grupper med sakene og synspunkta til forbundet. 

LOs medievaneundersøking viser at medlemmene til Fagforbundet nyttar sosiale media for å få informasjon om fagrørsla. Etter Fagbladet, er nettsida og sosiale media dei viktigaste kjeldene til slik informasjon for medlemmene. Undersøkinga viser at Facebook er det sosiale mediet våre medlemmer nyttar mest. Rundt 80 prosent av LO-medlemmene (nær halvparten er med i Fagforbundet), er aktive på sosiale media og om lag halvparten skriv eller produserer innhald. 41 prosent seier at dei forventar å finne informasjon frå fagrørsla på Facebook.   

Samtidig som Facebook er dominerande, går bruken av andre sosiale media kraftig opp. Rundt 60 prosent av LO-medlemmene er no aktive på Snapchat, 40 prosent på Instagram og 30 prosent på YouTube. Ni prosent av LO-medlemmene følger Twitter aktivt. Unge medlemmer er vesentleg meir aktive på Snapchat, Instagram og YouTube enn eldre.  

Strategien til Fagforbundet er å vera til stades i sosiale media der vi når fram til medlemmene, potensielle medlemmer og folk flest. Derfor vil vi også framover prioritere bruk av Facebook framfor andre sosiale media. Vi skal vera aktive på Facebook for å skape debatt og merksemd om Fagforbundet og det forbundet står for. Målet er å opplyse, skape engasjement, styrke identiteten til medlemmene og bidra til å sette dagsorden for den offentlege samtalen.  Fagforbundet skal også nytte seg av betalt annonsering på sosiale medier for at innlegg skal nå fram til fleire.  

Fagforbundets nasjonale Facebook-side har i overkant 53.000 følgarar, og i tillegg har yrkesseksjonane, forbundsregionane, mange av foreiningane og andre organisasjonsledd eigne Facebook-sider. Dei mest populære innlegga på den nasjonale sida kan nå opp mot ein million brukarar, og skaper tusenvis av «likar-klikk», reaksjonar og delingar. Det er eit viktigare mål at følgarane er aktive enn at Fagforbundet har flest mogleg følgarar, blant anna fordi Facebook fungerer slik at dette gjer det lettare å nå ut til fleire med innlegga og postane. 

Fagforbundet nasjonalt produserer dagleg innhald til Facebook dagleg som når ut til relativt mange. Likevel kan vi nå langt fleire i målgruppene til forbundet gjennom Facebook. Det er behov for å styrke kompetansen rundt publisering i Facebook og andre sosiale media i alle ledd av organisasjonen. På nasjonalt plan inneber det å produsere meir multimedialt innhald, der vi nyttar grafikk, animasjon og film i større grad enn i dag. Dessutan må det utviklast verktøy og malar som gjer at tillitsvalde lettare kan produsere innhald som når fram til fleire.  

Nasjonalt er Fagforbundet også til stades på Instagram (i overkant av 6700 følgarar), Snapchat, YouTube og Twitter (om lag 6200 følgarar). Fagforbundet skal i åra framover nytte Snapchat og Instagram meir enn i dag. Vi skal framleis bruke Twitter i nokon grad, særleg for å nå politikarar og journalistar. 

Bruken av podkast er stigande blant medlemmene. LOs medievaneundersøking viser at 17 prosent av medlemmene opplyser at dei nyttar podkast. Likevel hentar få informasjon om fagrørsla i podkastar, og berre ein prosent av medlemmene ventar å finne slik informasjon i podkastar. Fleire tillitsvalde ønsker at Fagforbundet skal ta i bruk podkast, og det er sett i gang arbeid med dette i administrasjonen og lokalt. Podkast kan fungere særleg godt til medlemsopplysing og opplæring av tillitsvalde. Samtidig er det relativt kostnads- og tidkrevjande å produsere ein podkast som når fram til mange.   

Tiltak 

Fagforbundet skal: 

  • styrke aktiviteten i sosiale media, og særleg prioritere Facebook og Instagram. Det er eit mål å få fleire følgarar og auka brukarengasjement.
  • utarbeide eit strategidokument for bruken av sosiale media i løpet av 2022.
  • arbeide for at følgarane våre i sosiale media i enda større grad deler innhald frå Fagforbundet.
  • utvikle fleire verktøy som tillitsvalde kan nytte for å nå fram i sosiale media.
  • samarbeide med Fagforbundet Ung om aktivitet på Instagram, Snapchat og YouTube.
  • vurdere korleis ein skal styrke aktiviteten på Snapchat, Tik Tok og YouTube. Eitt alternativ er å gå saman med LO eller andre forbund for å skape ein «digital tillitsvald» i desse kanalane.
  • systematisere bruken av betalte innlegg på Facebook, Instagram og Snapchat.
  • vurdere bruken av podkast og film som ein del av tillitsvaldopplæringa i forbundet.
  • styrke opplæringa i bruk av sosiale media i kommunikasjonskursa.
;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?