4.3 Oss tillitsvalgte
19.12.2019
Sist oppdatert: 11.05.2022
Oss tillitsvalgte er ein viktig kanal for å nå ut til meir enn 18 000 tillitsvalde i Fagforbundet. Bladet skal bidra til å gjera dei tillitsvalde betre rusta til å utøve verva sine, ved å formidle informasjon om konkrete, praktiske og politiske saker knytt til Fagforbundet. I motsetning til Fagbladet, blir ikkje Oss tillitsvalgte styrt etter redaktørplakaten, noko som betyr at forbundet har større innverknad på innhaldet i bladet. Nær ni av ti tillitsvalde les Oss tillitsvalgte, viser medlemsundersøkinga.
Papirutgåva kjem ut til alle tillitsvalde ti gonger i året, og desse utgåvene er også tilgjengeleg elektronisk via ein app. App-løysinga gjer at ein kan redusere frekvensen på papirutgåva av Oss tillitsvalgte, og frigjera betydelege beløp ved elektronisk publisering. Nyheitsbrevet Oss tillitvalgte blir til vanleg sendt ut ein gong i veka til nær 30 000 mottakarar, hovudsakleg tillitsvalde og aktive medlemmer.
Tiltak:
Fagforbundet skal:
- arbeide for at fleire går over til å lesa Oss tillitsvalgte digitalt, av økonomiske og miljømessige grunnar. For å oppnå dette, kan frekvensen av papirutgåva bli redusert gradvis fra 2022.
- gjennomføre ei lesarundersøking i 2022.