Til hovedinnhold

4.2 Fagbladet

19.12.2019
Sist oppdatert: 11.05.2022

Fagbladet er hovudkanalen for Fagforbundet for å nå ut til alle medlemmene, ved sidan av kontakten mellom tillitsvalde og medlemmer. Papirutgåva når ut til alle medlemmer på papir ti gonger i året, og i tillegg blir saker publisert dagleg på fagbladet.no og i Fagbladets nyheitsbrev, som går til 120 000 mottakarar. Fagbladet tar i stor grad opp saker som gjeld medlemmene og saker som er viktige for forbundet. Ni av ti medlemmer har ganske høg eller svært høg tillit til innhaldet i Fagbladet.   

Fagbladet blir styrt etter redaktørplakaten, som inneber at det er redaktøren som avgjer kva som skal bli publisert. Dette betyr at Fagforbundet må behandle Fagbladet som eit journalistisk uavhengig medium. Likevel er Fagbladet viktigare for kommunikasjonsarbeidet til Fagforbundet enn andre medium, fordi bladet når ut til alle medlemmer og fordi redaksjonen er meir opptatt av forbundet og medlemmene våre enn andre. Dessutan er det Fagforbundet som legg dei økonomiske rammene for verksemda til Fagbladet. 

Fagbladet har høg journalistisk kvalitet, og bidrar også til at saker om forbundet og medlemmene blir spreidd til eit breiare publikum via sosiale media og gjennom samarbeidet med frifagbevegelse.no. 

Tiltak 

Fagforbundet skal: 

  • sørge for at Fagbladet kjem ut til alle medlemmene på papir ti gonger i året.
  • bidra til at det blir utvikla ein god digital versjon av Fagbladet, som eit tilbod til dei som ikkje ønsker å få tilsendt papirutgåva. På sikt er det ønskeleg at fleire vel å få Fagbladet digitalt, av miljømessige og økonomiske grunnar.
  • gi Fagbladet høve til å utvikle digital publisering retta mot medlemmene i ulike kanalar.
  • formidle tips og innspel til Fagbladet om saker og forhold som betyr mykje for medlemmene.
;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?