4. Kommunikasjonskanalar, strategiar og tiltak
19.12.2019
Sist oppdatert: 11.05.2022
Det viktigaste kommunikasjonsarbeidet til Fagforbundet skjer mellom dei tillitsvalde og medlemmene, både gjennom direkte kontakt og ulike kommunikasjonskanalar. Derfor skal det leggast til rette for at denne kommunikasjonen skal bli enda betre, blant anna ved at dei tillitsvalde får god informasjon, opplæring og verktøy for å drive arbeidet sitt.