3. Målgrupper for kommunikasjonsarbeidet
19.12.2019
Sist oppdatert: 11.05.2022
Medlemmene og dei tillitsvalde er dei viktigaste målgruppene for kommunikasjonsarbeidet. Dei skal få informasjon om kva rettar dei har, korleis Fagforbundet arbeider for deira interesser og kva syn forbundet har på ulike saker. Dessutan skal organisasjonen få informasjon om kva medlemmene og dei tillitsvalde meiner.
Fagforbundet skal drive kommunikasjonsarbeid retta mot:
- medlemmer og tillitsvalde
- potensielle medlemmer, for å styrke organisasjonen og makta til medlemmene.
- folk flest, for å auke kjennskapen til arbeidssituasjonen til medlemmene og auke støtta til synspunkta til Fagforbundet.
- styresmaktene, for å styrke gjennomslaget for politikken til Fagforbundet nasjonalt, regionalt og lokalt.
- samarbeidande organisasjonar, for å bygge alliansar som gir Fagforbundet styrkt innverknad på samfunnsutviklinga.
- arbeidsgivarorganisasjonar, for å gi Fagforbundet større tariffmakt.
Fagforbundet Ung har eigen kommunikasjonsstrategi.