Til hovedinnhold

1. Overordna mål for kommunikasjonsarbeidet

19.12.2019
Sist oppdatert: 11.05.2022

Kommunikasjonsarbeidet til Fagforbundet skal bidra til å gi medlemmene og tillitsvalde innverknad på samfunnsutviklinga og makt over lønns-, pensjons og arbeidsvilkår. Kommunikasjonstiltaka skal nyttast til å verve nye medlemmer og bygge organisasjon, slik at tariffmakta til medlemmene og forbundet blir større. Det er eit mål for dette arbeidet at Fagforbundet skal stå fram som eit sterkt og samla forbund, men også som eit stort forbund med eit mangfald av yrkesgrupper, interesser og meiningar.  

 

Gjennom ulike kommunikasjonstiltak skal Fagforbundet gi medlemmene og samfunnet elles informasjon om viktige spørsmål i arbeids- og samfunnslivet, og forbundets syn på desse. Samtidig skal kommunikasjonsarbeidet gi Fagforbundet, og samfunnet elles, innsyn i yrka, arbeidssituasjonen, interessene og synspunkta til medlemmene. Kommunikasjonen skal vera mangfaldig, men også samanhengande og til å kjenne igjen, både i form og innhald. All munnleg og skriftleg kommunikasjon i Fagforbundet skal vera forståeleg for medlemmene.  

Fagforbundet står framfor eit digitalt løft. I åra som kjem vil det bli etablert nye måtar å organisere seg på, nye måtar å kommunisere på og nye måtar å skape fellesskap i klubbar på. 

Dette føreset at Fagforbundet tar i bruk ny teknologi og utforskar korleis teknologien kan styrke fagforeiningane og dei tillitsvalde. 

Fagforbundet skal kommunisere gjennom dei kanalane som medlemmene nyttar. I ei tid der medlemmene  tar i bruk nye kommunikasjonskanalar, skal forbundet utvikle tilbodet vårt. Dei tillitsvalde skal få kunnskap og verktøy som gjer det lettare å nå ut til medlemmene og samfunnet elles.  

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?