Til hovedinnhold

Seminar om kompetanse i ambulansetenesta

Fronten av ein ambulanse i snølandskap

Illustrasjonsbilete (Foto: Line Ernestussen)

Helseføretak, tillitsvalde og partane sentralt gjennomførte fredag 10 november seminar om framtidas kompetanse i ambulansetenesta. Seminaret skal bidra til eit felles kunnskapsgrunnlag inn mot tariffoppgjeret i 2024.

10.11.2023 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 13.11.2023

I tariffoppgjeret 2023 vart Fagforbundet samd med Spekter om at ein trengte meir kunnskap om kompetansesamansettinga og framtidas kompetansebehov i ambulansetenesta. Fredag 10. november gjennomførte ein difor eit seminar kor dette var tema.

Intensjonen med seminaret er at ein skal ha eit kunnskapsgrunnlag inn mot tariffoppgjeret i 2024.

­– Tenesta er i rask endring, og me må sikre at tariffavtala vår heng med i utviklinga, seier Christin Haslestad, styremedlem i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet og deltakar på seminaret.

På seminaret presenterte helseføretak og tillitsvalde korleis situasjonen er ute i tenesta no, og korleis ein ser føre seg framtida. Haslestad var sjølv til stades på seminaret.

– For oss har det vore særleg viktig at våre tillitsvalde ute i helseføretaka får presentert sitt syn, seier Haslestad.

I tillegg til dette seminaret skal faggruppa for prehospitale tenester i Fagforbundet møte med dei sentrale partane for å leggje fram forbundets syn.

Etter det skal partane sentralt, altså Fagforbundet, Delta, NSF og Spekter, ha eit møte saman og oppsummere kva ein lærte.

– No har me starta jobben med å få eit solid kunnskapsgrunnlag, og så jobbar me framover mot neste års oppgjer, konkluderer Haslestad.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?