Til hovedinnhold

Sånn lukkast du med oppgåvedeling

Illustrasjon - kokeboka.

Illustrasjon - kokeboka. (Foto: Trude Tjensvold)

Oppgavedeling handlar om å anerkjenne kompetansen til alle yrker og finne betre måtar å gjere ting på. Men korleis kan ein lokal tillitsvald få til dette i praksis?

17.02.2023 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 17.03.2023

Oppgåvedeling er positivt for alle tilsette, fleire får anerkjend og nytta kompetansen sin betre, medan ein frigjer tid hos anna personell til å fokusere på kjerneoppgåvene deira.

Bruk yrkesseksjonane

Yrkesseksjonane sit på mykje kompetanse på oppgåvedeling og dei forskjellege yrka sin utdanning og kompetanse. Snakk med yrkesseksjonen og få til eit samarbeid.

Samarbeid med leiinga

Skal ein få til betre oppgåvedeling må dette skje gjennom eit samarbeid mellom leiing og tillitsvalde. Det beste er å få det forankra på høgaste nivå. Snakk gjerne med hovudtillitsvald/føretakstillitsvald, men det finst òg mange døme på gode prosjekt lokalt.

Baser arbeidet på fakta

Det er mange feiloppfatningar om oppgåvedeling. Til dømes trur mange at helselovverket dikterer nøye kven som kan gjere kva i helsetenesta, men det er feil. Lovverket er fleksibelt, det krev at arbeidet skal vere fagleg forsvarleg og at hjelpa skal vere omsorgsfull, men seier lite om kven som skal gjere dette arbeidet. Så lenge ein gir naudsynt kompetanseheving til å sikre at det er fagleg forsvarleg, er det lite som står i vegen for betre fordeling av oppgåver. Det handlar om rett kompetanse på rett stad – at folk skal få bruke kompetansen sin til å gjera det dei kan.

Kartlegg oppgåver, ansvarsfordeling og roller

Ein har ofte berre ei svært overordna oversikt over kva oppgåver som vert gjort. For å kunne få betre oppgåvedeling må ein kartleggje kva oppgåver som faktisk er på arbeidsplassen, og kven som gjer dei i dag. Viss ein gjer ei oppgåve fleire gangar i veka, kan det vere lurt at fleire kan gjere denne. Om ein berre gjer det ein gang i halvåret, er det kanskje ikkje den ein bør prioritere.

Informasjon og haldningsarbeid

Forskjellege yrkesgrupper har ofte overraskande dårleg kunnskap om kva andre yrker faktisk har av kompetanse. Særleg vart fagarbeidarar ofte grovt undervurdert. Informasjon om yrka er naudsynt for forståinga av kvarandre. I tillegg må ein vere tydeleg på kva nye oppgåver eit yrke har fått tildelt for å hindre konfliktar i praksis.

Kompetanseutvikling

Betre oppgåvedeling inneber òg at ein sikrar at alle får utvikla kompetansen sin. Kurs og konferansar er ein del av dette, men òg høve til etter- og vidareutdanning. Dette er ein del av det å anerkjenne kompetansen til alle på arbeidsplassen.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?