Til hovedinnhold

Det blei eit vellukka arrangement da Fagforbundet Sogndal inviterte til medlemsmøte om pensjon

Det blei ein triveleg kveld då Fagforbundet Sogndal tok imot 80 medlemmar for å informera om pensjon

Det blei ein triveleg kveld då Fagforbundet Sogndal tok imot 80 medlemmar for å informera om pensjon (Foto: Svein Harald Hovland)

Det blei trongt om plassen då Fagforbundet Sogndal inviterte til medlemsmøte på Quality Hotel Songdal sist veke. Pensjon var kveldens hovudtema og tilbakemeldingane frå kvelden var svært gode.

01.12.2022 av Raymond Lind
Sist oppdatert: 01.12.2022

Leiar i Fagforbundet Sogndal ynskte dei 80 frammøtte velkommen og gav en kort orientering om kvelden som låg føre. Ein liten delegasjon medlemmar frå Vik kommune tok turen, noko som var ekstra kjekt. HTV Siv Laila Erikssen og nestleiar Keyty Planeta delte nokre ord innleiingsvis, før nestleiaren i Fagforbundet Vestland, Kari Daltveit entra sena og gav ein gjennomgang av LO- Favør. 

imagersx6b.png

Kari Daltveit frå Fagforbundet Vestland orinterte om LO-Favør

Kveldens hovudtema var pensjon og Anders Austrheim frå KLP Sogn og Fjordane kom å heldt eit informativt og godt foredrag om emnet. Vi lever alle lengre enn før og dette har naturleg nok medført endringar i pensjonssystemet. Kort fortalt kan ein slå fast at det vil alltid lønne seg økonomisk å stå lenge i jobb.

Leiaren i Fagforbundet Sognal beit seg særleg merke i at det tel positivt for utrekninga av pensjon å ha barn under skolealder om du jobba deltid i kommunen. Dersom ein person jobba til dømes i ein 50 % stilling, har 250 000 kr i årslønn og barn under skulealder, vil han eller ho uansett få rekna 501 000 kr (4, 5 G) som pensjonsgivande inntekt.

Presentasjonen om pensjon som Anders Austrheim la fram på møtet ligg vedlagt lengre ned i  artikkelen.

imageyscso.png

Anders Austheim frå KLP Sogn og fjordane gav tilhøyrerane ei good innføring i pensjon 

Markering av 25 års jubilantane

I pausen blei det enkel servering fram til leiar i fagforeininga tok ordet og heldt tale for 25 års jubilantane. Han gav tilhøyrarane ein kort innføring om kva som skjedde det året dei teikna medlemskap. Han fekk god hjelp av Svein Harald Hovland og Kari Daltveit til utdelinga av 25-års nål, diplom, reflekssekk og sjokoladehjarter. Alle namna på jubilantane blei lest opp til tonane av "Eye of the tiger", noko som gav en morosam og fin atmosfære under heile seansen. Dessverre var det eit noko lavt oppmøte blant jubilantane, men dei som møtte opp fekk applaus, klem av leiaren og nokre ord med nestleiaren på fylket medan jubileumsnåla blei festa på. 

imagebrivwa.png

Kvelden blei avslutta med ein ny runde pensjon, der Anders svarte på innsendte- og direkte  spørsmål frå salen. Spørsmåla var mange og det var tydeleg at pensjon var eit tema som opptek mange av fagforbundets medlemmar.

Leiar ynsker å takka alle som bidrog denne kvelden og rettar ein særleg takk til Kari Daltveit og Anders Austrheim som tok turen til Sogndal. Det blei ein kjekk kveld og leiar sett stor pris på alle dei gode tilbakemeldingane frå medlemmane. 

Relaterte dokumenter:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?