Til hovedinnhold

Tryggare arbeidskvardag for ambulansepersonell

Illustrasjonsbilete. Ambulansearbeidar og AMK-operatør Charles Aune-Lundberg i Tromsø.

Illustrasjonsbilete. Ambulansearbeidar og AMK-operatør Charles Aune-Lundberg i Tromsø. (Foto: Birgit Dannenberg)

Sikkerheita til ambulansepersonell er avhengig av informasjon om potensiell valdsrisiko. No kan dei få det. – Dette har Fagforbundet kjempa for lenge. Det er ein siger for våre medlemmar, seier Kurt Rønning.

31.08.2022 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 31.08.2022

Fagforbundet møtte med helse- og omsorgsdepartementet i november 2021 for å utrykke bekymring for sikkerheita til våre medlemmar som rykker ut til personar med kjent valdshistorikk. Om ambulansepersonell har fått opplyst potensiell valdsrisiko, har variert etter kor i landet ein er tilsett.

Helse- og omsorgsdepartementet har no behandla ferdig vår bekymring, og sendt brev til alle dei regionale helseføretaka. Dei skriv at «departementet mener at det vil kunne være relevant og nødvendig for AMK-ene å registrere opplysninger om vold og trusler og å dele slike opplysninger med ambulerende personell. Dette må imidlertid vurderes konkret fra gang til gang».

Handlar om å vere trygg

Kurt Rønning, nestleiar i yrkesseksjon helse og sosial, er glad for at ein no har fått ei løysing på denne utfordringa.

– Alle skal kunne kjenne seg trygge på jobb, og då må ein kunne stole på at ein har all relevant informasjon når ein rykkar ut. Det er svært gledeleg at helse- og omsorgsdepartementet no slår fast at AMK kan opplyse om valdsrisiko, seier Rønning

No forventar Fagforbundet at helseføretaka oppdaterer sin praksis til å vere i tråd med brevet frå helse- og omsorgsdepartementet.

– Dei regionale helseføretaka må følgje dette opp, og vi kjem òg til å gjere våre tillitsvalde i helseføretaka kjend med innhaldet i brevet.

Skal ha opplæring

Det har òg vore eit viktig poeng for Fagforbundet at dei tilsette i den prehospitale tenesta må vere sikra god nok opplæring i korleis ein skal møte vald og trugslar. Dette tok forbundet òg opp med helse- og omsorgsdepartementet.

– God opplæring gir tryggleik for både ambulansepersonalet og for pasientane, seier Rønning

I brevet understrekar departementet at helseføretaka er pålagd å sørgje for god nok opplæring i korleis ein kan møte vald og trugslar.

– No må helseføretaka gå gjennom sine rutinar, både for opplæring og informasjon frå AMK til utrykkande personell, for å sikre at dei er i tråd med brevet frå helse- og omsorgsdepartementet, avsluttar Rønning.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?