Til hovedinnhold

Vervekonkurransen 2022

Delta i Fagforbundet Sogndal sin vervekonkurranse og bli med i kampen om nokon særs flotte premiar:-)

Delta i Fagforbundet Sogndal sin vervekonkurranse og bli med i kampen om nokon særs flotte premiar:-) (Foto: Fagforbundet Sogndal)

Fagforbundet Sogndal drar i gang ein større vervekonkurranse no i mai, så no har du moglegheita til å tileigna deg svært flotte premiar dersom du gjer ein liten verveinnsats. Fagforbundet famnar breitt, så her er det bere å være frimodig og verva der ein kan😉

02.05.2022 av Raymond Lind
Sist oppdatert: 02.05.2022

Fagforbundet Sogndal si Vervekonkurranse 2022

Delta i Fagforbundet Sogndal sin vervekonkurranse og bli med i kampen om nokon særs flotte premiar. Vervekonkurransen vara frå 1.mai til 31. november og dei fire beste blir premiert i desember.

  1. premien: Gåvekort (verdi 4000 kr)
  2. premien: Hotellopphald for 2 i Bergen (verdi 2500 kr)
  3. premien: Hengekøye (verdi 1000 kr)
  4. premien: Bærbær høgtalar (verdi 500 kr)

I tillegg kjem vervepremiane du får fra sentralt hold, så her får du god løn for ditt strev. 

Kvifor verve til Fagforbundet?

Styret i Fagforbundet Sogndal køyrer i gang med ein vervekonkursane for at fleire uorganiserte skal bli ein del at eit større tverrfagleg fellesskap. Eit fellesskap på omlag 400 000 medlemmar, som dagleg jobbar for gode lønns- og arbeidsvilkår for sine medlemmar. Fagbevegelsen står sentralt i den norske modellen og den arbeidskvardagen vi har i dag har vi mykje å takke organisasjonane for. Mange av dei rettigheitene dei fleste av oss tek for gitt og nyter godt av kvar dag, er eit resultat av godt fagforeiningsarbeid og lange politiske kampar. For ei god oversikt over framforhandla rettigheiter mange oss tek for gitt, anbefalast det at du klikka og les her.  

«Kjøtvekta» er av betydning

I tillegg til å styrke arbeidstakarens rettigheiter ytterlegare, ser me og eit behov for å verna om fleire av rettigheitene vi har i dag og som er under press. Ei «oppmjuking» av rettigheiter og godar i arbeidslivet er sjeldan positivt frå arbeidstakars ståstad. Den beste motvekta til ei slik oppmjuking er kjøtvekta, altso ei sterk fagrørsle med mange medlemmar i ryggen!

Medlemskap gir ekstra tryggheit i usikre tider

I ein tid der høge straum- og drivstoff prisar, auka rente, krig og konfliktar praga nyheitsbildet, vil eit medlemskap i Fagforbundet gi ein ekstra tryggheit i usikre tider. Trygg og forutsigbar jobbsituasjon er kanskje viktigare enn nokon gong og som medlem i ein av Norges største får medlemmane bistand frå dyktige tillitsvalte ute på arbeidsplassane. Fagforbundet Sogndal har totalt 33 plasstillitsvalde og 3 dyktige Hovudtillitsvalde som saman yter dei kommunale medlemmane bistand. I følgje ein undersøking frå 2019 er det nettopp hjelp frå ein tillitsvalt og fagforeininga som var den viktigaste medlemsfordelen. Dei medlemmane som ikkje er tilsett i kommune og fylkeskommune, får oppfølging og bistand frå fagforeiningsleiar. På denne måten kan alle medlemmar vera trygg på å få bistand når naudsynt.  

Du har særs gode moglegheiter for flotte premiar

På bakgrunn av det som er skrive over håpa Fagforbundet Sogndal at det blir ein enkel sak å verva nye medlemmar til oss. Fagforbundet famnar breitt, alt frå assistentar og fagarbeidarar, til vaktmeisterar, sosionomar, miljøterapeutar, til sjukepleiarar osv, så her er det bere å køyre på og verva der ein kan. Me har ordna med attraktive premiar til dei fire som har verva flest. I tillegg får du og vervepremiane som Fagforbundet sentralt gir deg. Her skal det ikkje vervast mange før du ligg godt an til førstepremien. Den med flest vervande i 2021 bidrog med 4 nye medlemmar, så her er oddsa gode for at du får ei høg plassering og fin premie om du gjer ei lita innsats fram til 31. november.

Eit godt tips til slutt er å komme kjapt i gang før nokon verva kollegaen din i forkjøpet😉

Sjå https://www.fagforbundet.no/for-tillitsvalgte/verving/ for god informasjon om verving, og du kan velje vervepremien du ynskjer frå sentralt hold.

Spørsmål rundt vervekonkuransen rettast til nestleiar og verveansvarleg Keyty Planeta på tlf 976 64 916.  

Lukke til alle saman og god verving 😊

 

Mvh Raymond Lind

Leiar Fagforbundet Sogndal

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?