Til hovedinnhold

Heile laget driv lønnskamp  

Kjell-Erik Kallset, kommunikasjonssjef i Fagforbundet.

Kjell-Erik Kallset, kommunikasjonssjef i Fagforbundet. (Foto: Birgit Dannenberg)

Når alle opplever at matvarer, straum og bensin blir dyrare, må heile laget få eit godt lønnsoppgjer. Derfor er det så viktig at heile laget av tillitsvalde i Fagforbundet driv lønnskamp.  

06.04.2022 av Kjell-Erik Kallset, kommunikasjonsjef i Fagforbundet
Sist oppdatert: 21.04.2022

Det er nemleg slik at andre forbund krev at deira medlemmer skal få mykje høgare lønnstillegg enn andre yrkesgrupper i årets lønnsoppgjer. Unio har vedtatt at det må komma eit «lønnsløft» for dei med høgare utdanning, og at det er for «sammenpresset lønnsstruktur» i Norge. På godt norsk: Unio meiner at det er for små lønnsforskjellar.

Norsk Sykepleierforbund (NSF) og Utdanningsforbundet er flinke til å få fram kor viktig jobb sjukepleiarar og lærarar gjer. Dei har vist til at dei må få eit lønnsløft etter innsatsen under koronakrisa. NSF-leiaren har sagt at sjukepleiarar må få eit tillegg på 100.000 kroner. Utdanningsforbundet har snakka om lønnsauke på 10 prosent. Slik har dei skapt skyhøge forventningar blant sine eigne.

Det er heilt rett i at sjukepleiarar og lærarar har vist uvurderleg innsats under koronakrisa. Men det har også reinhaldarar, barne- og ungdomsarbeidarar, portørar, helsesekretærar, byggdriftarar, bussjåførar og ei hel rekke andre yrkesgrupper. Det er nemleg eit heilt lag rundt elevane i skolen og rundt pasientane i helsevesenet. Både velferdstenestene og arbeidslivet i Norge er lagarbeid. Det må også resultatet av lønnsoppgjeret vise.

Derfor blir det heilt feil når NSF og Utdanningsforbundet krev at deira medlemmer skal ha større lønnstillegg enn alle andre. Både i kommunane og ved sjukehusa er lønnsoppgjera slik at det er ei ramme, eller i «lønns-kake», som må fordelast mellom alle tilsette. Skal lærarar og sjukepleiarar få ein større del av kaka, må dei med lågare lønn få mindre. Det er urettferdig.

Unio-forbunda tar også heilt feil i at det er for små forskjellar i Norge. Derfor krev Fagforbundet lønnsauke for dei med låg lønn, og at tillegga blir gitt i kroner, ikkje i prosent.

Dei siste månadane har nordmenn flest merka at det har vorte dyrare å leva. Straumen, bensinen og maten kostar meir. Den viktigaste grunnen er den forferdelege krigen i Ukraina, der folk blir utsette for umenneskelege lidingar. Krigen rammar ikkje oss i Norge direkte, men skaper store økonomiske problem. Medlemmer i Fagforbundet slit med å få endane til å møtast. Mange må droppe fritidsaktivitetar for ungane og legge om ferieplanane. Alle blir ramma av dei høge prisane, men dei med lågast inntekt blir ramma hardast.

Dei høge prisane gjer at det er enda viktigare enn før at heile laget får eit godt lønnsoppgjer, ikkje berre enkeltgrupper. Vi i Fagforbundet skal kjempe for eit rettferdig lønnsoppgjer der vi løftar nedanfrå. Skal vi lykkast, er vi heilt avhengige av innsatsen til alle våre tillitsvalde. Vi må snakke om lønnsoppgjeret med venner og kollegaer, henge opp plakatar på arbeidsplassen, eller dele filmar og postar om heile laget på Facebook og andre stader.

No driv Fagforbundet tariffkampanje over heile landet. Det gjer vi fordi vi jobbar for heile laget – og fordi vi berre vinn lønnskampen med lagarbeid.

Utgiftene øker for alle. Hele laget skal ha et godt lønnsoppgjør.
Hele laget skal ha et godt lønnsoppgjør - en av flere nettannonser som Fagforbundet kjører bredt ut. (Foto: Fagforbundet)
;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?