Til hovedinnhold

Jolahelsing frå leiar

(Foto: Kristine S. Fauske)

22.12.2020
Sist oppdatert: 22.12.2020

2020 nærmar seg slutten, og me har snart lagt bak oss eit svært spesielt år.

På tampen av året vil eg retta ein STOR takk til alle dykk medlemmer som har stått på, og framleis står i ein svært krevjande arbeidssituasjon. Det offentlege vert ofte kritisert for å vera tungrodd, den kritikken tenkjer eg vart parkert då koronasituasjonen ramma oss i vår. Då viste både arbeidsgjevar og tilsette ein formidabel fleksibilitet og evne til å endre ting raskt til det beste for fellesskapet.

Mange kjenner at det røyner på og er slitne. Likevel står dei framleis på for fellesskapet og for at samfunnet vårt skal oppretthalda sine tenester og tilbod så langt det er råd. Me har i desse dagar fått høyra at det er ljos i tunnelen, og at vaksinen snart kjem til oss. Det er likevel ingen grunn til å slappa av og lempa på koronatiltaka endå, men det er eit ljos der framme! I tillegg har sola snudd og det går mot ljosare tider i så måte også.

Mine ynskjer for jola og det nye året er at alle held seg friske, at dei som er sjuke vert heilt friske att, at dei som er permitterte kan få koma tilbake i jobb, at dei som har mista jobben får ein ny jobb, at dei som er slitne får litt fri i jola til å kvila seg, at alle får feira jol ilag med sine kjære, at vaksinen kjem snart og at mange vel å ta den, og sist men ikkje minst at 2021 er året der ting normaliserer seg sjølv om ikkje alt vil bli som før. Ein ekstra varm tanke sender eg til alle dykk som er på jobb i jola for å halda samfunnsmaskineriet vårt i gang.

Eg vil ynskja alle våre medlemmer ei riktig god jol og eit fredeleg nyttår.

 

- Olaug Kyte, leiar Fagforbundet Voss

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?