Til hovedinnhold

Praksiskandidat til barne- og ungdomsarbeiderfaget

Illustrasjon: Trude Tjensvold

Illustrasjon: Trude Tjensvold

Praksiskandidatordninga gir den som allereie har lang praksis i eit fag, moglegheit til å få fag- eller svennebrev sjølv om ein ikkje har fått noko formell opplæring.

15.12.2008 av Ellisiv Solskinnsbakk Selnes
Sist oppdatert: 23.01.2009

Dette kan gi auka yrkesstoltheit, betre kunnskap, høgare verdsetjing og status, meir utfordrande arbeidsoppgåver og høgare lønn.

Tel ikkje lenger timar

- Med Kunnskapsreforma kom ei oppmjuking av reglane for å få godkjend praksis, fortel rådgjevar i Seksjon kirke, kultur og utdanning, Signe Solhaug. - No tel dei ikkje lenger berre timar og måneder, men foretar ei meir heilskapleg vurdering på relevant kompetanse og kompetanse som kan overførast til faget, seier ho.Ein barne- og ungdomsarbeider vil alltid arbeide med menneske, og erfaring som inneber sosial kompetanse og arbeid med menneske fra eit anna område, kan i ei skjønnsmessig vurdering avdekkje viktig kompetanse.- Fylkeskommunane har framleis ulike måtar å vurdere praksiskandidatar på. Det kan løne seg å anke saka om du er i tvil. Og fekk du avslag med dei gamle reglane, kan du prøve saka på ny, med dei nye reglane, minner Solhaug om. 

Korleis gjer ein det

Læretida i barne- og ungdomsarbeiderfaget er fire år, medan praksiskandidaten må ha fem år med relevant praksis. Utdanning kan også bli godskreven. Den enkelte kandidat må samle alt av formell og uformell erfaring. Har ein til dømes vore innom foreiningar eller organisasjonar retta mot barn og unge, kan ein få utteljing for dette. Signe Solhaug har vore borti dei fleste problem knytta til lærlingar og praksiskandidatar.

- Eg snakka med ei dame som ikkje fekk godkjenning, men så viste det seg at ho hadde gløymt å ta med at ho over ei lengre periode hadde dreve med konfirmantarbeid på si. Etter ei ny vurdering vart praksisen hennar godkjend, og ho kunne ta fagprøva, fortel Solhaug.   

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?