NAV må styrkast

Fagforbundet deltok med høringsinnspill 25. februar til FRPs forslag om å statliggjøre de kommunale sosiale tjenestene i NAV. Fagforbundet støttet ikke forslaget. (Foto: Mostphotos/Fagforbundet)

Fagforbundet reagerer på at høgresida går til nye angrep på velferdsordningane og NAV, samtidig som koronakrisa har ført til at over 200.000 nordmenn no står utan arbeid. Gjennom åtte år har høgreregjeringa innført smålege kutt og usosiale avgifter, mens løyvingane til Nav er reduserte med rundt ein halv milliard kroner.

19.03.2021 av Uttale frå landsstyret i Fagforbundet, 18. mars 2021
Sist oppdatert: 22.03.2021

Dette har ramma brukarane av tenestene og gjort det vanskelegare for NAV å utføre samfunnsoppdraget sitt. No vil Framstegspartiet vidareføre nedbygginga av NAV, ved å sentralisere og gjera dei kommunale, sosiale tenestene statlege.

Sosiale tenester er meir enn økonomiske ytingar. NAV driv i dag førebyggande arbeid i kommunane for å gi brukarane betre levekår. For å oppnå dette bidrar NAV til at brukarane får nødvendig helsehjelp, opplæring, arbeid og ikkje minst råd og rettleiing når dei treng det som mest. Dette er tenester som folk treng der dei bur.

Sentralisering vil ramme brukerne

Fagforbundet meiner NAV og dei lokale NAV-kontora må styrkast, ikkje byggast ned. Ein ny sentraliseringsreform vil ramme både brukarane og dei tilsette. Velferdstenestene vil bli betre gjennom tettare samarbeid mellom stat og kommune, meir makt til dei lokale NAV-kontora og tillit til dei tilsette. Derfor støttar Fagforbundet forslaget frå Arbeidarpartiet om «Et styrket NAV», som no er til handsaming i Stortinget. Dette forslaget vil bidra til at NAV kan løyse samfunnsoppdraget sitt og yte gode tenester til befolkninga.