Til hovedinnhold

Offensiv politikk for fleire helsefagarbeidarar

(Foto: Illustrasjon, helsefagarbeider. Fagforbundet)

Fagforbundet er svært glade for at representantar frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet løfter fram helsefagarbeidaren, som utgjer grunnmuren i dei kommunale omsorgstenstene.

22.11.2016 av Informasjonsavdelingen
Sist oppdatert: 22.11.2016

Det blir lagt fram eit dokument 8-forslag frå representantane om ein offensiv politikk for å auke talet på helsefagarbeidarar.

Noverande regjering har i sine forslag og handlingsplanar lagt stor vekt på behovet for å rekruttere helsepersonell med utdanning frå høgskole og universitet. Det er også vedtatt å gjeninnføre krav om at kommunane skal måtte tilsette visse profesjonar i sine helsetenester.

Fagforbundet støttar intensjonen om ei fagleg sterk helse- og omsorgsteneste, men vi trur ikkje ei opplisting av profesjonar er rett veg å gå. Krava til samarbeid og samhandling på tvers av tenester og nivå aukar og det er avgjerande at alle får tilgang på utdanning og kompetanseheving. Vi er uroa for at dei nye profesjonskrava fører til at enkelte yrkesgrupper blir prioritert framfor andre.

Skaper framtidas helsetenester 

Arbeidet for å få fleire til å velje og gjennomføre yrkesfagleg utdanning må skje i nært samarbeid med arbeidslivets partar og dei aktuelle sektorstyresmaktene. Det hjelper lite med rekrutteringskampanjar og etablering av fleire læreplassar i helsearbeidarfaget dersom ansvarlege styresmakter ikkje også signaliserer at dette er ei yrkesgruppe ein ønskjer å satse på.

Forslagsstillarane etterlyser ein analyse av kva rolle og posisjon helsefagarbeidaren er tenkt å ha i framtidas helse- og omsorgsteneste. Fagforbundet støttar kravet om at helsefagarbeidaren, på linje med andre helsepersonellgrupper, blir rekna med i alle styringsdokument. Deretter må det utviklast ein strategi og handlingsplan for å nå fastsatte mål.

Synlege karrierevegar

Krava til kvalitet og kompetanse i helse- og omsorgstenestene vil bli stadig større og ein må utnytte det personellet ein har optimalt. Fagforbundet meiner at eit sterkt fagarbeidarsjikt som samarbeider med andre yrkegrupper og med pasientar og pårørande, vil bidra til fagleg sterke tenester.

For å rekruttere unge og vaksne til helsearbeidarfaget må det vere synlege karrierevegar, mogleg å gå vidare i utdanningssystemet, til dømes gjennom etablering av y-veg og gode vidareutdanningstilbod gjennom fagskolen. Til slutt må arbeidet for ein heiltidskultur i helse- og omsorgstenestene intensiverast kraftig.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?