Til hovedinnhold

Kreftramma kvinner fortener same rettar som menn

(Foto: Ung Kreft)

Menn kan gratis fryse ned sæd før dei startar kreftbehandling som kan resultere i infertilitet. Kvinner må betala eigenandel på meir enn 17 000 kroner for å fryse ned egg. Det er ein stor urett som ikkje kan halda fram.

21.11.2018 av Eskild Hustvedt, faggruppa for sjukepleiarar i Fagforbundet
Sist oppdatert: 21.11.2018

Organisasjonen Ung Kreft lanserte 7. november «Fertilitetshjelpen», som er ein økonomisk stønadsordning som skal gje kreftramma kvinner same rett til fertilitetsbevarande behandling som menn.

- Mange har rett og slett ikkje råd til å få fertilitetsbevarande behandling. Oppstart av kreftbehandling hastar og ein kan ikkje vente til ein får spart opp pengar, seier leiar i Faggruppa for sjukepleiarar i Fagforbundet, Anne Mabel Nybakk.

Ung Kreft kan no gje økonomisk støtte til nokre av desse kvinnene sånn at dei òg kan få fertilitetsbevarande behandling. 

Fagforbundet vil ha ein offentleg ordning

Fagforbundet synst at dette er eit flott tiltak frå Ung Kreft, men er samstundes er forbundet samde med dei om at dette snarast må inn under ein offentleg finansiert ordning som sikrar like rettar for kvinner og menn.

– Lik tilgang til helsetenester er eit grunnleggjande prinsipp for velferdsstaten. Me kan ikkje godta at kvinner får dårlegare tilgang til fertilitetsbevarande behandling enn menn, meiner Nybakk. 

Politikarane må på banen

For at kvinner skal kunne få fertilitetsbevarande behandling må dei, i motsetnad til menn, fyrst ha hormonbehandling. Det er denne behandlinga som kostar dyrt, med ein eigenandel på 17 416 kroner. Sjølve inngrepet med å hente ut ovarialvev er dekka av det offentlege.

– Det kan ikkje vere frivillige organisasjonar sitt ansvar å dekke over grove hol i velferdsstaten.

Fagforbundet har mange medlemmer som jobbar i kreftomsorgen som  vil ha politikarane på banen.

–  Unge kreftramma kvinner fortener å sleppe å uroa seg over om dei har høve til å få barn etter endt behandling, seier Nybakk, og lover at Fagforbundet vil ta opp problemstillinga med dei politiske partia.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?