Sånn går no dagane i spesialisthelsetenesta

Sykepleier Eskild Hustvedt irriterte seg over tungvinte systemer på jobben - og gjorde noe med det! (Foto: Privat)

Så sit eg her igjen. Og ventar. Eg ventar på eit journalsystem som aller helst ikkje vil vise meg informasjonen eg har bedt om. Og der krasja det, ja. Det er visst ein sånn dag. Då er det berre å smørje seg med tålmod og starte det opp igjen.

15.10.2020 av Eskild Hustvedt, avdelingstillitsvald for Fagforbundet ved avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk Haukeland Universitetssjukehus
Sist oppdatert: 25.11.2020

 

Sånn går no dagane i helsetenesta. Det krasjar gjerne litt og ein må verkeleg jobbe for informasjonen. Aller helst må ein registrere informasjonen fleire stader. Ta til dømes vekta til ein pasient. Det er ein ganske grunnleggjande opplysning. Eg har så mykje som fire forskjellege stader eg kan måtte leite etter denne verdien.

DIPS er journalsystemet. Ein gammal travar som heilt openbart har sett betre tider, og som har eit barn som aldri vart vaksen som heiter DIPS Arena. I DIPS kan eg finne verdien to stader, i rein tekst i innkomsten til pasienten, og eventuelt «trygg pleie», eit skjema me fyller ut for å screene pasienten for mellom anna underernæring.

Meona er kurvesystemet. Ein nykommar tatt i bruk i laupet av dei siste åra. Meona snakkar sjølvsagt ikkje med DIPS. Det ville jo vore logisk. Her er det òg mogleg å leggje inn vekta til pasienten.

Cytodose er systemet som ein doserer medisinsk kreftbehandling i. Det skal bytast ut, men ting tek som sagt tid. Her må ein skrive inn høgde og vekt for å rekne ut dosen, så eg altså òg her finne vekta. Skjema frå cytodose er ofte skrevet ut, så eg kan då òg sjå i papira. Når ein behandlingsrunde er ferdig vart papirskjema skanna inn i pasientjournalen, så eg kan òg eventuelt sjekke i DIPS.

Det manglar altså ikkje på stader eg kan leite. Finst sikkert fleire òg viss eg får tenkt meg om. Ingen av desse systema snakkar saman. Systema snakkar heller ikkje med seg sjølv. Når eg skal fylle ut «trygg pleie» er eit av felta «tidlegare vekt». DIPS hentar ikkje informasjon frå tidlegare utfylte «trygg pleie» for meg. Informasjonen er der, men likevel hentar den ikkje informasjonen frå seg sjølv.

Aller helst skulle den ha henta informasjonen frå kurvesystemet, Meona. Men Meona er jo laga av Meona, medan DIPS er laga av...DIPS. Det er den same pasienten i botn, men informasjonen er mura inne av separate leverandørar. Eg sit òg med eit inntrykk av at det ikkje er særleg mykje velvilje frå leverandørane å høyre på dei av oss som nyttar systema. DIPS er stort sett fokusert på gullungen DIPS Arena, som skal løyse «alle» problema viss me nokon gang faktisk får teke det i bruk, medan Meona sit i Tyskland ein stad og ser ut til å vere særs lite interessert i kva me i Noreg meiner.

Det er ei frustrerande øving å nytte IKT-system i spesialisthelsetenesta nett no. Potensialet til å forenkle kvardagen og å frigje dyrebar tid, er der, det er det inga tvil om. Men det krev system som ikkje tek 5 år å endre. Det krev system som kan prate saman. Det krev at ein slutar å låse informasjonen til eit enkelt system. 

Så var det å finne den vekta eg var ute etter då...

Ein variant av dette innlegget var opphavleg på trykk i Dagens Medisin, utg. 15/2020.

Eskild Hustvedt, avdelingstillitsvald for Fagforbundet ved avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk Haukeland Universitetssjukehus