Til hovedinnhold

Skal diskutere kompetansebehovet i ambulansetenesta

– Det er viktig for oss at tillitsvalde får kome til ordet, seier Anne Green Nilsen.

– Det er viktig for oss at tillitsvalde får kome til ordet, seier Anne Green Nilsen. (Foto: Birgit Dannenberg)

– Vi treng å semjast om kva status og framtidig behov faktisk er, om me skal løyse utfordringane, seier Anne Green Nilsen, forhandlingsleiar for Fagforbundet

02.06.2023 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 02.06.2023

Ambulansetenesta er komplisert og under rask endring. Paramedisinaren fekk autorisasjon i 2022, og er på full fart inn i tenesta. Desse skal jobbe saman med ambulansearbeidarane, både med og utan vidareutdanning som nasjonal paramedic.

Fagforbundet har tidlegare fremja krav om at alle paramedisinarar, sjukepleiarar og ambulansearbeidarar med vidareutdanning som nasjonal paramedic skal plasserast inn i stillingsgruppe 4 og lønnast som bachelorutdanna.

– Vi treng ei felles forståing av kva som faktisk er status ute i tenestene no, og kva som er behovet for framtida. Då må me vite kva kompetanse som tenestene vil ha, seier Green Nilsen.

No har partane, arbeidsgjevarsida og fagforeiningane avtalt som ein del av tariffoppgjeret 2023 å sjå nærare på dette. Til hausten skal partane i fellesskap arrangere eit seminar om kompetanse i ambulansetenesta.

– Det er dei som faktisk er ute og jobbar i tenestene som veit korleis situasjonen er. Difor er det viktig for oss at tillitsvalde får kome til ordet på dette seminaret, seier Green Nilsen.

Korleis ser framtidas ambulanseteneste ut?

Det store spørsmålet er korleis framtidas ambulanseteneste skal sjå ut. Kva av dei to yrkesgruppene skal ein satse på ute.

– Her er det openbart forskjellar i kompetansebehov lokalt, men generelt meiner me at ambulansearbeidaren framleis skal vere berebjelkane i tenesta, og at paramedisinaren er eit viktig supplement, seier Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Ho er òg samd i at det er eit behov for å få eit heilskapleg bilete.

– Dette er viktig å vite, både sånn at me faktisk utdannar dei som tenesta treng, og lagar gode praksisnære vidareutdanningar, men òg sånn at me som avtalepartar har ein oversikt sånn at me veit kva som må inn i dei sentrale avtalane, seier Luther.

Intensjonen med arbeidet er å få ei felles forståing, og eit felles kunnskapsgrunnlag før hovudoppgjeret i 2024.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?