Den langsiktige eigarskapen

(Foto: Trude Tjensvold)

Kor langt kan ein styre etter ideologi utan å skulle ta omsyn til røyndomen me lever i, spør nestleiar i Fagforbundet Ungdom, Rune Eklund Breisnes.

17.03.2014 av Rune Breisnes
Sist oppdatert: 04.11.2014

Rune Eklund Breisnes er nestleder i Fagforbundet Ungdom.

Dette er noko eg fryktar regjeringa ønskjer å finne ut av. Det offentlege ordskiftet har i tida etter Høgre/Frp-regjeringa tok over, i stor grad handla om norsk landbruk og kommunisme, landbruksministeren sine kundelister som lobbyist, Solveig Horne som har lært om likestilling hjå Don Draper og resten av gutane i Mad Men, og sjølvsagt ikkje minst reservasjonsrett og pappaperm.

Sakene som er nemnde her, har i stor grad overskygt næringsminister Mæland sine forsøk på å svare på det innleiande spørsmålet mitt. Noreg skal seljast, og det som måtte ha funnest av pragmatiske høgrefolk, sit stille i båten.     

Det planlagde nedsalet i Entra er eit godt eksempel. I den grad overskotet frå 2013 har vore tatt med i rekninga, er det ikkje tillagt mykje ettertanke. Overskot gav langt større inntekter til staten enn kva plasseringa av overskotet frå eit sal inn i pensjonsfondet kunne gitt.

Skylappane til Monica Mæland er plassert svært nær augo, så eg lurer på om ho i det heile tatt er i stand til å sjå. I tillegg til det som ser ut som dårleg samfunnsøkonomisk strategi, har salet av Entra også enkelte symbolske implikasjonar. Her er det blant anna snakk om å selje unna bygget som huser nasjonalbiblioteket. Det er så langt ikkje sagt noko om å føre enkelte av signalbygga tilbake til Statsbygg, som Entra er utskilt frå.

Det er ingen tvil om at ”less is more”-tankegangen er godt innarbeidd i Mæland. Konsekvensane av denne tankegangen vil vere vanskeleg å reversera. For det handlar om meir enn dei 200 statseigde bygga som er i porteføljen til Entra. Den norske økonomien er bygd opp rundt klok forvaltning av naturressursane våre, enten det er snakk om fisk, olje eller vatn.

Om privatiseringshungeren får tid til å feste seg i regjeringslokala, er eg redd ingen ting er trygt. Er du blind for røyndomen, og blir leia framover av den uregulerte, frie marknaden, finn du alltid ein grunn til å selje unna. Slik ser ein det er med fiskeressursane våre i nord. Havflåten til eit gitt selskap går med 210 millionar i pluss, medan foredlingsindustrien på land, som høyrer til same selskap, går med ni millionar i minus. I staden for å sjå selskapet under eitt, med 201 millionar i overskot, har ein da gode grunnar til å sende fisken til Kina, og samstundes tømme kysten for folk. I lys av dette ønskjer framleis regjeringa å selje fisken som evigvarande kvoter?

Å skulle forvalta ressursar som me som nasjon har fått opp i hendene, eller som me har bygd gjennom tid, krev ein del av oss som folk, og ein heil del av politikarane som me vel til å styre landet. Det kjem til slutt ned til tankar om fellesskapen, og ikkje minst berekraft. Det handlar om ein prioriterer kortsiktig profitt eller langsiktig eigarskap. Forvaltning av eigarskap og forvaltning av naturressursar til det beste for fellesskapen, er eg sikker på det er fellesskapen som er best skikka til å handtere.