Til hovedinnhold

Fagforbundet Sogndal inviterte til foredragskveld med Marius Løken

Marius Løken vitjar Fagforbundet Sogndal

Marius Løken vitjar Fagforbundet Sogndal (Foto: Kenneth Stigen)

Det blei eit suksessfullt arrangement då Fagfobundet Sogndal inviterte til foredragskveld med Marius Løken på Sognefjord Hotel.

07.10.2022 av Raymond Lind
Sist oppdatert: 09.10.2022

Seksjonsleiarane i Fagforbundet Sogndal opna kvelden og ynskte dei frammøtte velkommen. Rita Jordal, nestleiar frå Fagforbundet Vestland  fekk deretter ordet og gav dei rundt 50 tilhøyrarane ei god innføring i tarriffmakt og kvifor det er viktig å være organisert.  Fagforbundet er særs nøgd med at Rita tok turen frå Bergen for å bruka tiden ilag med oss, og takkar ho for bidraget denne kvelden.

Foredragshaldar Marius Løken fekk deretter ordet og holdt eit spennande, sterkt og lærerik foredrag som han kalla «Å snu motgang til medgang». Marius formidla eigne erfaringer og læring knytt til psykisk helse og korleis ein skal få meiningsfulle dagar. Marius er kjend for å ha overlevd det såkalla "Halloweendrapet".  Marius gjorde en kjempejobb og hadde full merksemd frå tilhøyrarane. Dei som fekk gleda å høyre Marius denne kvelden fekk med seg eit foredrag til ettertanke, formidla på ein underhaldande måte. Me rettar ein takk til Marius Løken for å ha delt sine erfaringar og refleksjonar med oss.

Fagforbundet Sogndal inviterte til foredragskveld
Fagforbundet Sogndal inviterte til foredragskveld (Foto: Kennet Stigen)

Leiaren i Fagforbundet Sogndal vil takke initiativtakarane for kvelden, - Merethe, Siv Anett, Jarle, Kenneth og Margrete for ein godt planlagt og gjennomført kveld. Tilbakemeldingane har vore gode og det er ikkje tvil om at dei frammøte fekk godt betalt for oppmøte i form av eit interessant foredrag, god info frå Fagforbundet sentralt, utlodding og enkel servering. Slike kveldar gir meirsmak

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?