Til hovedinnhold

Julehelsing frå leiar i Fagforbundet Sogndal

God jul i juletreet

God jul i juletreet (Foto: Robin Lund)

Leiaren i Fagforbundet Sogndal ynsker å ønske alle medlemmane, tillitsvalde, hovudtillitsvalte og alle styremedlemmane ei riktig god jul og ei fredeleg julehøgtid med ei lita julehelsing til kvar og ein.

23.12.2021 av Raymond Lind
Sist oppdatert: 23.12.2021

Kjære medlem, tillitsvalgt, hovedtillitsvalgt og styremedlemmar i Fagforbundet Sogndal

Julehøgtida 2021 er over oss og nok eit annleis-år er snart forbi. Korona vil dessverre også i år prege denne julehøgtida, og korleis dei neste månadane vil utvikla seg veit ingen. Det eg er sikker på, er at det er viktig å ta vare på kvarandre og dei ein har kjær, om korona heng over oss eller ikkje. Eg ynsker såleis gjennom denne julehelsinga å syna mi takksam overfor kvar einskild av dykk, då Fagforbundet ikkje er noko utan medlemmar, tillitsvalde og styremedlemmar, som i står saman i eit større fellesskap.

Dei aller fleste av arbeidsplassane i Sogndal har no motteke ei lita merksemd frå Fagforbundsstyret her i Sogndal. Me skulle sjølvsagt ha delt ut ei stor jule korg til kvar og ein av dykk, men me håpar merksemda som vart utlevert likevel vart godt motteke. Det ligg mykje arbeid bak å organisera ei slik utlevering då me er blitt ein stor kommune med mange avdelingar, så me må berre beklage om nokon av dykk ikkje har motteke ei helsing frå oss. Utleveringa av julehelsingane syner og at mange av våre medlemmar ikkje har informert Fagforbundet at dei har endra arbeidsplass eller arbeidsforhold. Eg oppmodar derfor alle medlemmane som har endra arbeidsforhold dei siste åra til å melda dette inn til underteikna på e-post, dersom du ikkje har gjort det alt, for da kjem julehelsingane rett fram te neste år. Om det er noko eg veit FANE II  ansvarleg ynskja seg til jul i år, så er det ei komplett og oppdatert medlemsliste😊

Etter årsmøtet i mai har Fagforbundet i Sogndal jobba godt. Korona har sjølvsagt avgrensa oss ein del, men me rakk nokre medlemsmøte no i haust. HTV’ane har jobba godt heile hausten og fortener varme ord, oppmuntring og klapp på skuldra frå alle av oss. Dei har lagt ein krevjande haust bak seg og HTV Siv Laila gjorde ein framifrå jobb i tilsetjingsutvalet av ny kommunaldirektør. Politikarane ville det dessverre annleis, men som forbund har me stått rakrygga gjennom heile prosessen, tala arbeidstakarens sak og me vil fortsetja å gjera det i året som kjem endå meir enn før.

Me har fått på plass nærmare 10 nye tillitsvalte den siste tida, noko som er kjekt, motiverande og ikkje minst viktig for Fagforbundet lokalt. Dei tillitsvalte er den beste medlemsfordelen Fagforbundet har, så eg vil nytta anledninga til å retta ein varm takk til kvar og ein av våre tillitsvalte. Det vankar ei ekstra oppmuntring i postkassa deira kva tid som helst😉 Det blir kjekt å kalla inn til tillitsvald- og styrekurs etter årsmøtet 2022 og eg er viss på at etter ei slik samling vil tillitsmannsapparatet i Sognal verta sterkare, betre og meir synleg for medlemmar, politikarar og arbeidsgjevarar enn på lenge. No som handlingsplanen 2022 skal utarbeidast av styret, så kan eg lova at me i samarbeid med våre to HTV’ar vil jobbe hardt og godt for at dei tillitsvalde blir godt ivaretekne framover.

 

Styret har hatt møte kvar månad og engasjementet der har vore godt. Som leiar er det utruleg kjekt å sjå styremedlemmar, seksjonsleiarar, HTV’ane, ungdomstillitsvalte, pensjonisttillitsvalt, kasserar, sekretær og FANE II  ansvarleg engasjerer seg på styremøta og på andre arrangementet og gjeremål i regi av Fagforbundet. Diskusjonane har vore gode, engasjementet har vore bra og det er beint ut kjekt å få vera leiar for ein så triveleg gjeng. Styret samlast att på nyåret i eit arbeidsmøte der me skal utearbeida handlingsplanen og budsjett for 2022. Slik eg har lært styret å kjenne dei siste seks månadane, så trur eg det blir utarbeida ein meget spanande handlingsplan for neste år som det blir kjekt å presentere på årsmøtet. Årsmøtet blir dessverre utsett grunna korona, men me håpa på ei fysisk samling i februar dersom koronasituasjonen opnar opp for det.

Eg avslutta denne julehelsinga med å ynskje dykk alle ei riktig god og fredfull julehøgtid. Ta vare på kvarandre og nyt julehøgtida i fellesskap med nære og kjære. Vær raus med skryt, oppmuntring og fine ord til dei rundt deg og hugs å si takk når du får eit😉

 

Mvh

Raymond Lind

Leiar Fagforbundet Sogndal, avd 547

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?