Årsmøte 2019

Årsmøtet 2019 vert på Scandic Sunnfjord Hotell 31. januar

21.12.2018
Sist oppdatert: 24.01.2019

Årsmøtet 2019 nærmar seg, og i år skal vi vere på Scandic Sunnfjord hotell. Før sjølve årsmøtet vert det eit kort medlemsmøte med ei sak: val av føretakstillitsvald. Randi Aven, som har vervet i dag har takka ja til attval for 2 nye år, men det er sjølvsagt ope for andre å stille til val.

Frist for å sende inn saker til årsmøtet er 14. januar.

Etter årsmøte vert det utdeling av merke til 25 og 40 års jubilantane og middag på hotellet. Vi håper mange set av nokre timar og blir med oss denne kvelden. Vel møtt!

Styret

;