Til hovedinnhold

Høyringsinnspel til Barnehage- og skulebruksplanen

Dette er høyringsinnspelet som Fagforbundet Vindafjord sende kommunen på bakgrunn av at barnehage- og skulebruksplanen i kommunen nå skal revideres. Både medlemmer, plasstillitsvalde, styret i seksjonen og dei frikjøpte tillitsvalde har kome med innsill.

09.04.2021
Sist oppdatert: 15.02.2022

Det er lagt inn høyringsinnspel på nettsida til kommunen under eigen link for innsending. Men me vil gjerne at dykk som medlemmer skal få eit innsyn i kva me har sendt inn. 

 

Føljande er sent inn:

Etter framlegg frå Norconsult sin rapport sitter me som arbeidstakar organisasjon igjen med mange tankar. Me vel å belyse starten av prosessen først. Kommunen velde og leige inn eit firma for å sjå korleis kommunen kunne spare pengar. Fordi borne- og elevtalet er på veg ned. Noko som i og for seg er noko me er klar over at er ein realitet. Det første me stiller spørsmål ved er kvifor kommunen har vald å bruke så mykje pengar på og leige inn eit firma til dette. Når ein leiger inn firma fører det til mykje meirarbeid både i for- og etterkant. Slik som Fagforbundet oppfatta situasjonen så tenkjer kommunen at her må me forberede oss på nedgang i innbyggjartal, ikkje tenke «opp og fram». Dette er noko me stiller eit spørsmålsteikn ved. At i ei tid med trong økonomi, så vel ein å bruke pengane på kartlegging når ein heller kunne vald å bruke desse pengane på å «redde» ein skule/barnehage. Me undrar oss over at det ikkje kan finnas interne og billigare løysningar. Men nå når ein allereie har brukt dei så ønskjer me å belyse kva dette har å bety for våre medlemmer og arbeidstakarar i kommunen.

 I Vindafjord kommune sin kommuneplan står det:

«Levande bygder- Me skal oppretthalde eit desentralisert busettingsmønster. Det skal også i framtida vere mogleg å busette seg i alle dei 9 bygdene og oppleve at det er mogleg gjennom eit heilt, langt liv. Bygdene må derfor ha moglegheiter for busetting og næringsetablering».

Men vil ikkje då nedlegging av einingar motarbeida nettopp dette?  

Skulane og barnehagane i kommunen er samlingspunkt for 9 flotte bygder i kommunen. Det er der bygda går for å feire 17.mai, har fritidsaktivitetar for born og andre sosiale samlingar. Men forsvinn desse samlingspunkta og arbeidsplassane blir det ikkje like attraktivt å bu der og bygdene på sikt kan sakte men sikkert døy ut. Det blir rett og slett ei sentralisering av kommunen.  

Det våre medlemmer er bekymra for er at om de vel å leggje ned tilbod for borna så vil det bli fråflytting frå bygda og dei kan risikere å miste jobben. For om ein vel å leggje ned og dei borna/elevane må flytte til ein anna skule/barnehage, så er det ikkje gitt at dei har behov for meir personale.

Eller at borna vel å gå i private barehagar, så kan ein ikkje flytte over personalet frå kommunal barnehage til privat om det skulle væra eit overtal av tilsette.  

 Det som me også tenkjer på er slitasje av tilsette og våre medlemmer når borna får lenger kjøreveg. Då  kjem borna mindre opplagte til barnehage og skule. Spesielt da  med tanke på skuleborn som får «mjølkeruter» til skulen. Uopplagte born og ungdommar som er avhengig av søvn for at læringsevnene skal være på topp. Så då kan ein undra seg over når skal økonomi gå på bekostning av barns/brukarens beste?

 Dei tilsette som skal hjelpe dei får ein veldig annleis kvardag med nye utfordringar. Noko som kan skapa mindre trivsel både for tilsette og ikkje minst borna.

Om einingar leggjas ned/ slås saman vil det også bli større borne grupper, noko som nødvendigvis ikkje bare er ein bra ting. For dei tilsette kan det bety  at ein mister kontakten med borna og ikkje får den same tryggheten samen med dei. Mindre grupper har vist seg heilt ned i barnehage alder at er meir effektivt for leik og læring. Og skapar betre arbeidsforhold for dei tilsette.  Dei tilsette har meir kontroll og ser barna betre. Viss det er noko vi har lært av denne koronaen så er det at kvaliteten retta mot borna og dei tilsette blir betre med små kohortar.   

Det er viktig å huske i ein slik prosess at ein som hovudregel bør unngå oppesingar. Problemet då kan bli at ein får ein mangel på fagkompetanse i einingane. 

 Det et er ikkje i tvil at nokon av bygga må gjerast noko med. Men om løysningen er å leggje dei ned er den beste er me heller usikker på. Me meiner at det må reknast grundig på kva det eigentleg vil koste oss å leggje ned. Då med tanke på eventuell fråflytting og tapte inntekter.

Me undrar oss over at kommunen ikkje har sett på andre løysningar enn de som Norconsult kjem med. Burde me heller ikkje vore ein kommune som tør å satse og gjer ein innsats for levende bygder? Det å få folk til å flytte til bygdene i staden for å jage dei bort. Få fleire kommunale tomter til unge som er klar til å etablere seg rundt dei eksisterande skulane/barnehagane som slit.

 Me i fagforbundet håpar at dei tilsette blir tatt omsyn til i denne prosessen og at tillitsvalde blir tatt med få starten av prosessen.

 

På vegne av Fagforbundet Vindafjord

Elin K. Samland

Seksjonsleder kyrkje, kultur og oppvekst

Kari Anne Fagerland

Hovudtillitsvald

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?